Opptak til toårig master ved Det juridiske fakultet
Main content
Universitetet i Bergen har eit toårig masterprogram i rettsvitskap som bachelorkandidatar i juss/rettsvitskap frå Universitetet i Innlandet, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Molde kan søke på. Studieprogrammet har 35 studieplassar og oppstart kvar haust.
Kven kan søke?
Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei første tre studieåra i femårig masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. Søkarar frå andre lærestader enn INN, UiA, UiS og HiM må søke opptak til femårig masterprogram.
Korleis plassane er fordelt mellom dei ulike lærestadene, kan du lese i §5 i opptaksreglementet.
Søkarar konkurrerer om studieplassane i opptaksgruppa dei høyrer til.
Opptaket hausten 2025 ga desse poenggrensene (sjå opptaksreglement for forholdet mellom tala her og bokstavkarakterar):
INN: 3.32
UiA: 3.53
UiS: 3.6
HiM: ikkje kvote i dette opptaket
For å vere kvalifisert for opptaket må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i emna som inngår i opptaksgrunnlaget.
Søkarane vert rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakten frå dei juridiske emna med karakter som inngår i bachelorgraden.
Karakteren i ex.phil. og ex.fac. vert ikkje tatt med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren.
På nettsidane om opptak til toårige masterprogram ved UiB finn du utfyllande informasjon om korleis gjennomsnittskarakteren vert rekna ut.
NB! Får du tilbod om studieplass på femårig masterprogram i rettsvitskap gjennom Samordna opptak etter at du har takka ja til toårig masterprogram i rettsvitskap blir plassen på toårig program inndratt.
Kva er nødvendig dokumentasjon?
Sjå kva som er nødvendig dokumentasjon på desse sidene.
Tidlegare poenggrenser
2025:
INN: 3.32
UiA: 3.53
UiS: 3.6
HiM: ikkje kvote i dette opptaket
2024:
INN: 4,08
UiA: 3,30
UiS: 4,03
Opptaksreglement for opptak til toårig mastergrad i rettsvitenskap
Du finn opptaksreglementet på desse sidene.