Hjem
Lektorsenteret
Lektorsenteret

Redesign av lektorutdanninga

Lektorutdanninga ved UiB går gjennom eit redesignarbeid. Å redesigne ei utdanning vil seie at utforminga av studieprogrammet skal reviderast. Det handlar på den eine sida om rekkjefølgja av undervisningsemne og praksis i lektorutdanninga. I tillegg handlar det om kva slags læringsutbytte som lektorutdanninga skal gi for studentane.

Hovedinnhold

Bakgrunn og mandat
Bakgrunnen for redesignarbeidet er eit vedtak som styringsgruppa for lektorutdanning ved UiB vedtok 16. april 2021, nemleg om å setje i gang «ein prosess for å redesigna lektorutdanninga ved UiB». Målet med er arbeidet er definert på denne måten: «Dei overordna måla må vera å få til ei betre innplassering av praksis og å styrkja samanhengen mellom praksis og undervisninga i disiplinfag, didaktikk og pedagogikk.”

Det er poengtert at redesignarbeidet skal organiserast som eit prosjekt. Den som har ansvaret for prosjektet, skal rapportere til styringsgruppa, og ha nær kontakt med lektorutdanningsprogramma. Det er presisert at redesignarbeidet skal sjåast i samanheng med etableringa av lektorsenteret ved UiB.

Modell for arbeidet
Arbeidet med å redesigne lektorprogramma følgjer malen for redesignarbeid ved UiB, slik det er definert i UiBs kvalitetssystem for utdanning. UiB har laga ein modell for heilskapleg utvikling og redesign av studieprogram, og arbeidet følgjer denne modellen (jf. figuren).

Illustrasjon over redesignmodell for utvikling av studieprogram.
Foto/ill.:
Lektorsenteret

Tentativ tidsplan for Redesign-arbeidet
I denne oversikta vil du finne ein tentativ tidsplan for arbeidet med å redesigne lektorutdanningsprogramma ved UiB. Det som er gjort, er formulert i normal skrift. Det som skal gjerast, er formulert i kursiv.

2021

Våren 2021: Vedtaksgrunnlag

  • - Vedtak i styringsgruppa for lektorutdanning 16. april 2021
  • - Vedtak i universitetsstyret om organisering av lektorutdanninga ved UiB, 17. juni 2021
     

Hausten 2021: Etablering av prosjektorganisasjon

  • - Tolking av mandat og problemgrunnlag
  • - Prosjektleiar og prosjektorganisasjon blir etablert og presentert i styringsgruppa 1. september. Orientering ved alle styringsgruppemøte
  • - Læringslaben blir involvert
  • - Emne for programrådsmøte 6. oktober, 4. oktober og 15. november: seminardel 15. november
  • - Presentasjonar ved lektorutdanningsutvalsmøte
  • - Presentasjon for eksterne fagfellar ved lektorutdanninga, 9. november
  • - Presentasjon ved allmøte, 12. november
  • - Presentasjon ved dekanmøte, 22. november
  • - Tematisering ved NOKUT-institusjonsbesøk 25.–26. november
  • - To planlagde seminar måtte dessverre avlysast pga. smittevernsituasjonen
     

2022

Våren 2022: Formulering av læringsutbytte og skisser til programkart

  • - Løpande tema i møte i programrådet for lektorutdanning
  • - Løpande tema i praksisutvalet: konkrete spørsmål til utvalet
  • - Digitalt seminar primært for disiplinfaga 19. januar. Oppfølging med oppgåve: formulere læringsutbytte innan 26. april.
  • - Etablering av nettside med løpande informasjon om prosessen
  • - Gruppearbeid ved lektorutdanningskonferansen 17. februar
  • - 2-dagars arbeidsseminar for studentar 21.–22. april
  • - Heildagsseminar primært for disiplinfag og programråd 2. mai: læringsutbytte + programkart
  • - Statusrapport og førebelse tilrådingar for styringsgruppa 9. juni

 

Hausten 2022: Læringsutbyttebeskrivingar og ny modfell for lektorutdanninga

Mål: Formulera læringsutbytte for kvart lektorutdanningsprogram og vedta modell for lektorutdanninga

  • - Oppnevning av prosjektgruppe for redesign av lektorutdanninga (møte 31.8., 14.9., 28.9. og 17.10.)
  •  
  • - Løpande tema i programstyret, styringsgruppa, praksisutvalet og LUA.
  • - Læringsutbyttebeskrivingar skal formulerast innan 1. oktober.
  • - Konsekvensutgreiing og utarbeiding av forslag til modell for lektorutdanninga. Herunder innspelsmøte om løysningar for praksis.
  • - Høyring i perioden 24.10.- 21.11. om framlegg til modell for lektorutdanninga ved UiB. Allmøte ved oppstart av høyringsrunden.
  • - Tema i møte med eksterne fagfellar 2. november.
  • - Vedtak av modell for lektorutdanninga i styringsgruppa 15. desember.


 

2023

Våren 2023: Utvikling av programkart, emnebeskrivingar og studieplanar for dei einskilde programma

Mål: Utvikle emna og studieplanane for lektorutdanningsprogramma

  • Utvikling av programkartet i redesignprosessen (Curriculum mapping)
  • Kjenneteikn på læringsutbytte skal formulerast. Tilbod om workshop frå lektorsenteret og læringslaben
  • Orientering om styringsgruppa sitt desember-vedtak i universitetsstyret og utdanningsutvalet
  • Emneutvikling i fagmiljøa: tilpasning av emneporteføljen for fagdidaktikk, pedagogikk, disiplinfag og praksis til dei vedtatte endringane i ny modell for lektorutdanninga. Dette arbeidet strekkjer seg til hausten 2023
  • Ferdigstilling av studieplanane for dei einskilde lektorprogramma. Tilbod om emneverkstad i regi av læringslaben

 

Hausten 2023: Vedtak av emnebeskrivingar og studieplanar

Mål: Vedtak om studieplanar for lektorutdanningsprogramma

  • Vedtaksprosedyrar ved institutt og fakultet for oppdaterte emnebeskrivingar og studieplanar.
  • Utgreiing av overgangsordningar for perioden med både gammal og ny modell (haust 2024 - vår 2028).
  • Innsending av fullstendige studieplanar til handsaming i programstyret for lektorutdanninga ved UiB. Handsaming av studieplanane i programstyret okt/nov.
  • Oppdatere tekstar til studentrekruttering, planleggje rekrutteringskampanjer.

 

 

2024

Våren 2024: Førebuing til nytt studiedesign

Mål: Førebu organisasjonen på nytt design av lektorutdanning

  • - Utlysing etter nye studieplanar.
  • - Rekrutteringsarbeid.
  • - Førebuing av haustsemesteret med opptak etter nye studieplanar.

 

Hausten 2024: Implementering

Mål: Nye lektorstudentar startar med nye studieplana

  • Nye studentar startar etter ny studieplan.