Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Medieval Unicode Font Initiative

Internasjonalt nettverk som arbeider for å koordinere utviklinga av fontar med mellomalderteikn i det latinske alfabetet.

Medieval Unicode Font Initiative (MUFI) er eit internasjonalt nettverk som arbeider for å koordinere utviklinga av fontar med mellomalderteikn i det latinske alfabetet. MUFI tilbyr fleire Unicode-fontar til fri bruk.

MUFI har publisert to større tilrådingar om bruk av mellomalderteikn i Unicode, og fleire gratisfontar som inneheld desse teikna. MUFI inneheld no eit svært godt utval av teikn for nordiske, engelske og tyske mellomaldertekstar, forutan eit stort utval for latinske tekstar, særleg ulike former av forkortingsteikn. MUFI koordinerer dei leiande Unicode-fontane på dette området, m.a. TITUS (Jost Gippert, Frankfurt), Junicode (Peter Baker, Virginia), Alphabetum (Juan-José Marcos, Placensia) og LeedsUni (Alec McAllister, Leeds).


I versjon 5.1 av Unicode-standarden (publisert i april 2008) vart nesten 150 teikn frå MUFI tekne opp i standarden, særleg i Combining Diacritical Marks Supplement, Supplemental Punctuation og Latin Extended-D. Dette var resultatet av eit fem år langt arbeid for å få teikna inn i standarden.