Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Tverrfagleg spisskompetanse

Malene Eikås Halkjelsvik har en master i reservoargeologi og jobber som reservoargeolog i Statoil

Det er veldig lurt å ha ein relevant sommarjobb i løpet av studietida. Dette gir eit meir realistisk bilde av industrien og kva forventningar ein kan når ei går ut i arbeidslivet

Eg jobbar som reservoargeolog i ei Petek-avdeling i Statoil. Petek-avdelinga består av geologar, geofysikerar, petrofysikerar, reservoaringeniørar og produksjonsingeniørar som jobbar saman for å produsere ressursane frå to olje- og gassfelt i Nordsjøen på best mogleg måte. Som geolog har eg då ansvar for dei geologiske modallane vi bruker, samt å planlegge nye produksjonsbrønnar. Ein del av jobben innebær rapportering av resultat til myndighetene, og dagleg oppfølging knytta til produksjonen av feltet.

Tips:

- Det er viktig med gode basiskunnskap i alle relevante fag. I ei produksjonsavdeling må alle jobbe saman, og det lettar arbeidet når ei kan snakke same «språk». Både kjemi, fysikk og petroleumsteknologi er viktig å skjønne for ein geolog i det daglege arbeidet. Dei meir spesifikke kunnskapane ein treng for å gjere jobben vil ein få opplæring i.

- Det er veldig lurt å ha ein relevant sommarjobb i løpet av studietida. Dette gir eit meir realistisk bilde av industrien og kva forventningar ein kan når ei går ut i arbeidslivet. Ein bør òg passe på å ha det kjekt når ein studerer! Dette kan ein for eksempel gjere ved å vere med i studentforeningar. Då har ein det sosialt, og kan samtidig føre det opp på CV’en.

Fler intervju