Hjem

Middelalderklyngen

Bakgrunn for mellomalderklynga

Ei kunnskapsklynge for mellomalderstudiar skal bygge på universitetet sine sterke fagmiljø og vidareutvikle kontakten med eksterne regionale aktørar, slik som skulen, musea og reiselivsnæringa.

I UiBs strategi vert målet med klyngesatsinga formulert slik:

«Gjennom å samle vitenskapelige ansatte, studenter og kunnskapsmedarbeidere fra utdanningsinstitusjonene, instituttsektoren, samt kunnskapsintensivt og forskingstungt næringsliv i regionen i spesialtilpassede forskings- og utdanningsbygg, ønsker vi å utvikle og konsentrere ressursene og innsatsen mot områder hvor vi har særlige forutsetninger for å lykkes internasjonalt. Klyngene gir muligheter til å skape fremragende utdanning, grunnforsking, anvendt forsking og innovasjon bygget på synergier oppnådd gjennom geografisk nærhet og/eller fysisk samlokalisering mellom ulike forskings- og utdanningsaktører. Dette er samtidig områder vi ønsker å ta et utvidet nasjonalt og internasjonalt ansvar for.»

Kvifor mellomalderklynge?

Kunnskapen om norsk og europeisk mellomalder er avgjerande for å forstå bakgrunnen for moderne kunnskapsdanning, kultur, urbanisering, demokratiutvikling og prinsippa for likeverdet mellom individa. Kunnskapen om topografi og landskap gjev forståing for sosial, økonomisk og rettsleg konstituering av lokalsamfunn, rettsforståing og sosial sjølvforståing. Mellomalderen er sentral og konstituerande for Bergens, Vestlandets og Noregs historie. Universitetet og museumssektoren i Bergen utgjer eit stort og mangfaldig fagmiljø innan mellomalderstudier.

Ei kunnskapsklynge for mellomalderstudiar skal bygge på universitetet sine sterke fagmiljø og vidareutvikle kontakten med eksterne regionale aktørar, slik som skulen, musea og reiselivsnæringa. Klynga skal bli ei tverrfagleg drivkraft for blant anna mellomalderhistorie, filologi, arkeologi og litteratur i nær kontakt med regionale institusjonar. Klynga skal vere ein pådrivar i utviklinga av lokal og nasjonal kunnskapsformidling om mellomlalderen.