Hjem

Middelalderklyngen

bakgrunn

Historisk oversyn

Bergen har lange tradisjonar når det gjeld mellomalderforsking, heilt tilbake til opprettinga av Bergen Museum i 1825, med eigne samlingar for mellomalderens gjenstandskultur.

Bergen museum
I 1825 blei Bergen Museum stifta. Museet skulle ikkje berre huse ei samling, men òg drive vitskapleg arbeid. Slik blei museet ein forløpar til det som skulle bli Universitetet i Bergen. Museumsbygget blei innvia i 1865.
Foto:
Ukjent

Då Universitetet i Bergen blei oppretta i 1946 var det med utgangspunkt i Det matematisk-naturvitenskapelige, Det historisk-filosofiske og Det medisinske fakultet. Mellomalderfilologien markerte seg tidleg som eit sterkt felt, og Universitetet fekk eigen professor i norrønt i 1953. Frå slutten av 1950-åra blei norsk mellomalderhistorie eit eige felt innan det nyoppretta Historisk institutt. Nokre år seinare, i 1970, fekk Universitetet eit professorat spesifikt for mellomalderlatin, som det einaste i landet. 

På 1970-talet blei mellomalderarkeologi eige fagfelt med hovudvekt på byarkeologi etter at utgravingane på Bryggen hadde fått internasjonal merksemd. Arkeologifaget fekk professorat i mellomalderarkeologi i 1994.

Tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid prega mellomalderforskinga, med bidrag frå både humanistiske og naturvitskaplege fagfelt og frå undervisings- og museumssektorane. I dei siste tiåra av 1900-talet bidrog mellom anna "Mellomalderforum ved Universitetet i Bergen" til dette samarbeidet.

Styrken til mellomaldermiljøa i Bergen kom til syne då delar av forskingsmiljøa ved Nordisk og Historisk institutt vann fram i den første nasjonale konkurransen om status som SFF for perioden 2003–12. Senter for middelalderstudier (CMS) lukkast med å dra til seg eksterne fagmiljø, hadde ein høg og variert publikasjonsaktivitet og fekk fram ei lang rekke doktorgradsarbeid.

Senter for middelalderstudier (CMS) er formelt avslutta som eit SFF, men mellomalderforskning er framleis eit satsingsområde ved Universitetet i Bergen.

Ved Det humanistiske fakultet er forskninga er vidareført i to forskargrupper:

Desse forskargruppene utgjer ein del av eit større miljø ved UiB der det blir drive forsking og undervisning innan mellomalderemne. Her inngår også fagområde som kunsthistorie, litteratur og musikk.

I tillegg står mellomalderens gjenstands- og bygningskultur sentralt i arbeidet ved samlingane og forskinga som ligg ved Universitetsmuseet i Bergen. Her finst ei rik samling av kyrkjekunst frå mellomalderen og etterreformatorisk tid og fagleg kompetanse i mellomalderens kunst og kultur. Universitetsmuseet har det vitskaplege og forvaltningsmessige ansvaret for samlingar av mellomalderarkeologisk materiale frå Vestlandet og museet har brei kompetanse innan mellomalderarkeologi.

Det juridiske fakultetet har kompetanse knytt til mellomalderens rettshistorie, og planen om eit tiårig prosjekt om Magnus Lagabøtes landslov er særleg relevant. Forskingssamarbeid på tvers av fakultet og disiplinar er eit gjennomgåande og ønskja kjennemerke ved dagens forsking.