Hjem
Middelalderklyngen
middelalderforum

Kvinner si rettslege stilling i mellomalderen

Velkomen til føredrag i Dyvekes vinkjellar med professor emerita i norrøn filologi, Else Mundal.

Gunnhild kongsmor egger sine sønner
Christian Krogh: «Eiriksønnenes saga» i Snorre Sturlassons Heimskringla.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, held føredraget "Kvinner si rettslege stilling i mellomalderen". 

Foredraget vil drøfte den rettslege stillinga til kvinner i norsk mellomalder, og ta utgangspunkt i og leggje vekt på den rettslege stillinga til kvinner som "står åleine". Desse kvinnene hadde nok ei vanskeleg stilling i samfunnet, men samstundes ser vi at dei på fleire felt hadde rettar som heilt eller delvis sidestilte dei med menn. Enkjer, og til dels jenter som har motteke arv, hadde større handlefridom enn andre kvinner innanfor heile det norrøne området, men etter norske lover har desse kvinnene ei uvanleg sterk stilling. Etter fleire lover går det fram at dei m.a. har rett til å føre sine eigne saker på tinget, dei har i nokre høve rett til å kalle saman ting, og dei har også plikter etter lovene som normalt ville tilfalle husbonden. I lovrevideringa som set inn under styringstida til Håkon Håkonsson, og vert ført vidare i Landslova, får også jenter som har motteke arv, stadig større rett til sjølve å velje ektemake.

Mundal vil gå gjennom dei rettar og plikter kvinner som står åleine, har etter norske mellomalderlover, men hovudvekta vil liggje på ei drøfting av kva rettsprinsipp som vert lagde til grunn når kvinner får rettar som nærmast sidestiller dei med menn. At handlefridom er knytt til økonomisk sjølvstendig stilling, synest å vere eit prinsipp som kan slå heldig ut for nokre kvinner. Det ser også ut til å vere eit rettsprinsipp, som kjem til uttrykk i nokre tilfelle, at kvinna har rett til å gå mot mannlege slektningar eller ektemann dersom dei handlar til ugunst for henne og i strid med hennar interesser, like eins at kvinna sjølv har rett til å forsvare si ære og hevde sine rettar, om nødvendig ved å føre sak sjølv, eller velje nokon til å gjere det, om ho ikkje har nære mannlege slektningar. I nokre tilfelle ser det ut for at husfrua sin rang i heimen vil gje henne forrang framfor nærmaste arving. I alle slike tilfelle vil rettsprinsipp som slår ut til gunst for kvinnene, konkurrere med det rettsprinsippet som gjev forrang til mannen og ætta sine interesser, og stundom ser vi merkelege kompromissløysingar i lovene.

Føredraget er ein del av foredragsrekkja Middelalderforum, som denne våren har temaet "Lov og rett i mellomalderen" og er arrangert av forskingsprosjektet Mellomalderlov i endring/Transformations of Medieval Law ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Mellomalderklynga.

Frille og Dyvekes vinkjeller tysdag 11. februar kl. 18.00

Alle er velkomne og føredraget er gratis!