Hjem
Middelalderklyngen
Middelalderuken 2021

Lansering av praktbok om St. Sunniva

Ei nyutgjeven praktbok om St. Sunniva utforskar ulike sider av Sunnivafiguren. Redaktørane av boka vil her presententere boka sitt innhald og bodskap.

Presentasjon av boka om St. Sunniva
ST. SUNNIVA: Boka om Sunniva er rikt illustrert. Sunnivafiguren frå bokomslaget er eit altarskåp frå Austevoll i Sunnhordland.
Foto/ill.:
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen / Per Bækken

Hovedinnhold

I 2020 var det 850 år sidan skrinet med den heilage Sunniva i 1170 blei overført frå Selja til den dåverande domkyrkja i Bergen.

Denne viktige hendinga for Bergen, Vestlandet og heile Noreg er markert med ei heilt ny bok: St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen – ei bok som utforskar ulike sider ved Sunnivafiguren, og korleis ho har prega norsk historie, litteratur og kunst frå mellomalderen av og til i dag.

Boka er rikt illustrert og inneheld bilete av Sunnivafigurar frå inn- og utland. 

To av redaktørane, førsteamanuensis i mellomalderarkeologi Alf Tore Hommedal og professor i mellomalderlatin Åslaug Ommundsen, vil saman med forlaget og fleire av medforfattarane gje ein visuell presentasjon av bokas innhald og bodskap. 

Etter presentasjonen kan dei som ønskjer det få ei omvising i Kyrkjeutstillinga for å sjå dei fire Sunniva-framstillingane som er i Universitetsmuseet si samling og som også prydar både framsida og fleire oppslag i boka.

Det er fri entré og ope for alle interesserte!