Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Kongens palatium i Bergen. Kongsgarden på Holmen då kong Magnus Lagabøte gav landslova i 1274

Velkomne til foredrag om Kongens palatium i Bergen ved Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen.

Håkonshallen i strålande sol
Det var i Håkonshallen Magnus Lagabøtes Landslov truleg blei skrevet på slutten av 1260-talet og i byrjinga av 1270-talet.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Hovedinnhold

Førsteamanuensis i mellomalderarkeologi Alf Tore Hommedal held føredraget Kongens palatium i Bergen. Kongsgarden på Holmen då kong Magnus Lagabøte gav landslova i 1274.

Det er i samband med lov-jubileumsåret 2024 eit stort fokus på kong Magnus Håkonsson (1263 – 1280) som lovbøtaren – Magnus Lagabøte.

I 1260-åra bygde Magnus vidare på faren, kong Håkon Håkonsson, sitt lovrevisjonsarbeid og kong Magnus kunne i 1270-åra presentera ei rekkje med reviderte og nye lover, der Landslova var den første.

Føredraget presenterer den parallelle utviklinga innafor eit anna kongeleg satsingsområde: den arkitektoniske utbygginga og omforminga av kongsgardane, her eksemplifisert med den viktigaste, kongsgarden i Bergen. Dette kongens palatium vart mellom ca. 1240 og 1320 omforma frå eit monumentalanlegg i tre til eitt i stein.

I foredraget blir det diskutert korleis anlegget utvikla seg under kong Magnus Lagabøte og korleis kongsgarden har prega mellomalderens Bergen.