Lovreglar i Landslova som ikkje alle var like nøgde med
I Noreg høyrer vi ikkje om motstand mot den norske Landslova, men var det likevel usemje og diskusjon i samfunnet av kva lova skulle vere? Kom og høyr Else Mundal, professor emerita ved Universitetet i Bergen, sitt foredrag om "motstrøymar" i samfunnet då Landslova vart gjeven!
Hovedinnhold
I motsetning til det som skjedde på Island då Jónsbók vart lagd fram på Alltinget, og både bøndene og Kyrkjas menn laga lister over lovreglar dei ikkje ville godta, noko som gjorde kongens representant, Lodin Lepp rasande, så høyrer vi ikkje om tilsvarande motstand mot den norske Landslova.
Den motstand vi høyrer om i Noreg, er motstanden frå erkebiskopen då ny lov for Trøndelag vart lagd fram i 1269. Dette var ein prinsipiell motstand som mest gjekk på kven som hadde rett til å gje lov i kristendomssaker. Men vi skal ikkje late oss lure av at norske kjelder har lite og inkje å seie om motstand mot lovene. Motstanden kan ha funnest utan at han kjem fram på tinget.
Då Landslova og Jónsbók vart vedtekne, hadde norsk og islandsk rettskultur fjerna seg frå kvarandre over lang tid. Islendingane hadde, like frå Alltinget vart etablert, diskutert nye lover på tinget. I Noreg hadde kongen gradvis teke over den lovgjevande makta, og då Landslova vart lagd fram, var dette ei ferdig diskutert lov.
Motstand på tinget kan vi altså ikkje vente i Noreg. Motstand mot enkelte lovreglar må vi leite etter andre stader enn i kjelder som fortel kva som skjedde på tinget. Lodin Lepp fortalte islendingane at om dei ville ha endra noko i lova, så fekk dei be kongen om ei rettarbot. Rettarbøter kan altså vere ei indirekte kjelde til misnøye i samfunnet med enkelte lover.
I det heile kan endringar som skjer i lovmaterialet – gjerne berre i nokre handskrifter – t.d. gamle lovreglar som vert tekne inn att, lovreglar som vert endra eller fell ut, reflektere usemje og diskusjon i samfunnet av kva lova skal vere. Landslova har døme på ein del slikt som ein kan sjå som ein refleks av ein debatt i samfunnet og av at det har funnest “motstraumar” både då Landslova vart gjeven og i ettertida. Det er nokre slike “motstraumar” Else Mundal vil drøfte i foredraget sitt.