Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

«Eit kongeportrett i 1853; ei kvelvribbe i 1944; ein steinkross i 2024. Om steinsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen som kjelde til det norske mellomaldersamfunnet»

Professor i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen, Alf Tore Hommedal, gir oss eit glimt inn i samlinga av bygningsstein ved Universitetsmuseet, og viser oss litt av kunnskapen om norsk og europeisk mellomalder som dette materialet rommar.

Marmorportrett av Øystein Magnusson
Eit kongeportrett i marmor av Øystein Magnusson
Foto/ill.:
Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen

Hovedinnhold

I 1853 dukka det ved grøftegraving på Klosteret på Nordnes fram eit kongeportrett i marmor der det på krona står Eystein Rex – Eystein konge. Det arkeologiske funnet (MA 79 i Universitetsmuseet i Bergen sine samlingar) vart tolka som ei stadfesting på det fleire skriftlege mellomalderkjelder fortalde: at det var Eystein Magnusson (konge 1103-1123) som grunnla Munkeliv kloster.

Marmorrelieffet inspirerte utvilsamt antikvar Nikolay Nicolaysen, sjølv med gutedagar frå Nordnes, til i 1860 å gjennomføre den første meir faglege arkeologiske utgravinga i mellomalderbyen Bergen. Utgravinga gav også dåverande Bergens Museum ei bokstavleg tala tung samlingstilvekst av bygningssteinar frå eit norsk mellomalderanlegg. I tillegg veit vi no, at bygningskleber frå Munkeliv-kyrkja også vart til materiale for fasade-løver på Bergens Museum nybygg på Nygårdshøyden, ferdigstilt i 1865 og no Universitetet i Bergens hovudbygg.

Foredraget presenterer dei til saman tonnevis tunge bygningssteinsamlingane ved Universitetsmuseet i Bergen, og gjev glimt inn i forvaltningstradisjonen og kunnskapshavet om norsk og europeisk mellomalder som også denne vestnorske museumssamlinga rommar.

Alf Tore Hommedal er professor i mellomalderarkeologi og bygningsarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen og har det vitskaplege samlingansvaret for bygningsfragmentsamlingane i stein og tre ved museet.