Bergen som konstruksjon i mellomalderen: Bryggen-utgravinga og det store bygningsmaterialet
Sivilarkitekt og tidlegare konservator Egill Reimers (f. 1929) er med sine 96 år ein nestor blant Universitetsmuseet i Bergen sine fagpersonar. Han tok sjølv del i Bryggen-utgravinga frå 1958 til 1968. Her samtaler han med professor i arkeologi Alf Tore Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen om museet sitt bygningsarkeologiske tremateriale, faghistorie, kunnskapsproduksjon og potensiale..
Hovedinnhold
Samtalen denne kvelden i Bryggens Museum vil vera mellom den tidlegare og den noverande vitskaplege fagansvarlege for dei bygningsarkeologiske samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen.
Det blir sett fokus både på institusjonshistorie, på feltarkeologisk historie og på bygningsarkeologiske forskingsresultat. Likeins vil tankar bli presenterte rundt potensialet og behovet for vidare forvaltning og forsking på det omfattande konstruksjonsmaterialet som Egill Reimers har vore med på å sikra for Universitetsmuseet og for norsk kulturminnevern.
Sivilarkitekt og tidlegare konservator Egill Reimers (f. 1929) er i dag med sine 96 år ein nestor mellom Universitetsmuseet i Bergen sine fagpersonar. Framleis har han sin emeritus-arbeidsplass ved Universitetsmuseet sine lokalar i Bryggens Museum. Der har han like til no arbeida med eitt tema: tolkinga av reisverksbygningar med utgangspunkt i bygningsfunna frå Bryggen-gravingane 1955-1968.
Egill tok sjølv del i desse gravingane frå september 1958 av. Han hadde der i 10 år hovudansvaret for alle planoppmålingar i utgravingsfeltet, og spesielt for detaljoppmåling og ivaretaking av viktige konstruksjonsfunn som kom fram. Like til han gjekk av for aldersgrensa i 1999 hadde han det faglege ansvaret for Universitetsmuseet si bokstavleg tala store og tunge bygningsarkeologiske samling.
