Hjem
UiB AI
Seminar

UiB AI #19 KI for bedre utdanninger?

Dette seminaret arrangeres av Studieavdelingen og UiB AI, og reiser spørsmål rundt bruk av KI i utdanningane. Kva for moglegheiter skaper KI for undervisarar, undervisingsleiarar, emneansvarlege og studentar? Og kva er moglegheitsrommet og utfordringar når etablerte akademiske praksisar skal koples til ansvarleg og etisk bruk av KI?

This image shows a large white, traditional, old building. The top half of the building represents the humanities (which is symbolised by the embedded text from classic literature which is faintly shown ontop the building).
Foto/ill.:
Zoya Yasmine / https://betterimagesofai.org / https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/

Hovedinnhold

Føremålet med dette seminaret er å skape ein møteplass som tar opp og diskuterer moglegheitene KI skaper for undervisarar, undervisingsleiarar, emneansvarlege, og andre som driv med høgare utdanning på UiB (og andre stader).

Seminaret vil ha to bolkar – den første skal ha eit breitt perspektiv og kan ta opp moglegheitsrommet og utfordringar for utdanning, problemstillingar knytt til ansvarleg og etisk bruk, nytenking om vurderingsformer. I den andre bolken ønsker vi å trekke fram døme og erfaringar frå fagmiljøa om korleis dei arbeidar med KI i utdanninga.

Seminaret blir strauma og tatt opp, lenke kjem her.

Del 1: Moglegheitsrommet og utfordringar

0900: Sigrunn Eliassen, prorektor for utdanning: KI og utdanning - que vadis?

0910: Maria S. Økland, Arbeidsutvalget til Studentparlamentet: Studentperspektiver på kunstig intelligens

0915: Barbara Wasson, Ko-direktør på AI LEARN og direktør på SLATE¨: Utfordringar og moglegheiter for KI i utdanning

0930: Jill Walker Rettberg, Nestleder på Senter for digitale fortellinger: Ansvarleg bruk av KI i studia

0945: Rundebordsdiskusjon: Korleis sikrar vi at utdanninga held høg nok kvalitet og er relevant når studentane kan lage sitt eige leringsopplegg og ein språkmodell kan levere (nestan) alle oppgåver?  

1005: Pause med kaffe

Del 2: Døme frå fagmiljøa

1030: Amund Ove Børdahl, førstelektor på Institutt for filosofi og førstesemesterstudier: TITTEL

1040: Sondre Bolland, stipendiat på Institutt for informatikk, NT: Utfordringar med KI i utdanning

1050: Magnus Holmøy Bratteberg, førsteamanuensis på Institutt for klinisk odontologi, MED: TITTEL

1100: Lars Nyre, professor på Institutt for informasjons- og medievitskap - TBC

1110: JUSS - TBC 

1120: Rundebordsdiskusjon knytt til tema i innlegga

1135: Paneldiskusjon med Kaja Sandvik (leiar i AU, Studentparlamentet), Sigrunn Eliassen, Amund Ove Børdahl og Lars Nyre (TBC)

1200: Lunsj frå Godt brød

1300: Slutt