Hjem
Aktuelt
OLJEBYEN BERGEN

Den lange vegen mot CO2-lagring

Fangst og lagring av CO2 kan fjerne store delar av klimagassutsleppa frå olje og andre fossile brensel. Kvifor blir då så få slike prosjekt realiserte?

Illustrasjonsfoto ifm sak om CO2 lagring i Hubro 01/2013 om tema Oljebyen...
CO2 INN, OLJE UT: Fleire stader i verda blir CO2 i dag sprøyta inn i oljereservoar for å presse ut meir olje. For oljeselskapa er det lønsamt å kjøpe CO2 for å bruke han
 til å auke oljeutvinninga. Det å lagre CO2 berre for å lagre er ikkje lønsamt.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen satser på klima og energiomstilling, og flere av våre forskere deltar på klimatoppmøtet COP21 i Paris i desember. Les mer om forskning og studier på klima ved UiB.

– Det er ikkje noko spesielt teknisk hinder for å sette i gang med CO2-lagring. Dersom vi hadde pengane, kunne vi berre gjere det, seier forskar Sarah Gasda ved Senter for integrert petroleumsforsking (Uni CIPR).

Ho har bakgrunn som miljøingeniør og forskar no på modellering av CO2-lagring i Nordsjøen.

Tiltak som monnar

Karbonfangst og -lagring (CCS) har vore framheva som eit tiltak som verkeleg kan monne for å redusere CO2-utsleppa våre på vegen mot lågutsleppssamfunnet. CO2 kan fangast både ved produksjon og forbrenning av fossile brennstoff. Sidan verda ikkje ser ut til å ville slutte med å bruke fossile brennstoff med det første, er CCS antakeleg heilt naudsynt dersom ein vil unngå farlege klimaendringar.

I Nordsjøen har Statoil i mange år lagra CO2-overskot frå gassproduksjon i Utsira-formasjonen. Røynslene frå dette og andre pilotprosjekt er gode. Likevel let dei store investeringane vente på seg. Dermed får ein heller ikkje nytte av effektiviseringa av teknologien som berre kan skje gjennom praktisk utprøving.

– I land som Noreg er det å sleppe unna CO2-avgift drivkrafta for å halde på med CCS, seier Eirik S. Amundsen, professor i miljø- og naturressursøkonomi ved UiB.

– Eigarane av oljeselskap og kraftverk har valet mellom å betale for CO2-utsleppa sine i form av avgifter og kjøp av utsleppskvoter, eller å lagre CO2 for å sleppe å betale. Økonomar vil då seie at dersom lagring er billegare enn kvotekjøp, bør ein lagre. Men no er kvoteprisane i EU så låge at insentivet for å lagre CO2 i stor grad har forsvunne. Kvoteprisane må opp for at lagring skal løne seg.

 

Krisa har skulda

Ei viktig årsak til den låge kvoteprisen er den økonomiske krisa i Europa. Når den økonomiske aktiviteten er låg, vil også etterspurnaden etter kvoter vere låg. Ei anna viktig årsak er, ironisk nok, den kraftige satsinga på utbygging av alternativ energi, som også fører til redusert etterspurnad etter kvoter. Samla sett medfører dette at kvoteprisen har falle som ein stein i staden for å auke kraftig, slik det var forventa. Det er også byrja spreie seg uvisse om kvotesystemet i det heile vil overleve. EU diskuterer no kva tiltak som kan settast i verk når kvotesystemet går inn i sin fjerde fase i 2021.

– CCS avheng altså av initiativ frå privat industri, men det ligg også store subsidiar i systemet. Meininga var at inntekter frå sal av klimakvoter skulle gå til å sette i gang pilotprosjekt for å få teknologien opp og gå. Men med krisa vart det enklare for industrien å redusere utsleppa sine med små grep heller enn investeringar i CCS. Det kom få søknader om CCS-prosjekt, og det vart heller ikkje store nok inntekter frå kvotesal til at prosjekta lønte seg, seier forskar Endre Tvinnereim ved UiB og Uni Rokkansenteret, som meiner at kvotesystemet ikkje desto mindre er ein nødvendig komponent i utviklinga av CCS, i alle fall i EU.

– Likevel er det ikkje sikkert at ein høgare kvotepris åleine ville ført til storutbygging av CCS-system ved europeiske kraftverk. Men eg trur heller ikkje det er politisk entusiasme det står på. EU vil veldig gjerne at CCS skal fungere.

 

Kan bli Europas CO2-lager

Medan vi ventar på dei store prosjekta, prøver Sarah Gasda og hennar kollegaer å modellere kva som skjer når ein injiserer CO2 i grunnen. Dei same reservoara som ein hentar olje ut av er veleigna til å lagre CO2, og det er plass til enorme mengder i Nordsjøen. Potensielt kunne sal av lagringsplass for CO2 bli ei ny stor inntektskjelde for Noreg. Men akkurat kor mykje som kan lagrast, avheng av om ein greier å løyse nokre praktiske problem. Det viktigaste er at geologiske formasjonar ikkje er tomme lommer som berre ventar på å bli fylte med CO2. På havbotnen er dei gjerne allereie fulle av vatn. Då spørst det kor mykje CO2 ein kan injisere før ein må ta til med å hente ut vatnet.

– Det er ein risiko for å sprøyte inn så mykje CO2 at trykket får reservoaret til å sprekke. Om det skulle skje, ville ein måtte stoppe all aktivitet og hente ut att det ein har injisert, for å hindre det i å lekke ut. Eit slikt scenario vil ein for all del unngå. Slike mekanismar er ikkje tilstrekkeleg forstått, og dette er mellom dei tinga vi ønskjer å sjå nærare på, seier ho.

 

Fare for lekkasje?

I tillegg arbeidast det med modellar for korleis CO2-en vil oppføre seg i grunnen. Det er ingen garanti for at han vil halde seg der for alltid, men nokre tusen år bør ein iallfall kunne forvente. Ein treng også betre metodar for å overvake reservoaret og spore lekkasjar dersom dei skulle oppstå. Meininga er at modellane skal kunne brukast av styresmakter og andre med reguleringsansvar, til dømes for å estimere lagringseigenskapane til eit område så ein kan avgjere om eit CCS-prosjekt skal få grønt lys eller ikkje.

Men dersom Nordsjøen skal kunne ta unna Europa sine CO2-utslepp, lyt både infrastruktur og ny lovgjeving kome på plass.

– Slikt krev politisk vilje og tiltak. Førebels er det til dømes forbode å transportere CO2 over landegrenser. I den grad ein lagrar CO2 på kontinentet no, noko som nesten ikkje skjer i det heile, så skjer det på land. Dette møter ein del motstand frå folk som ikkje vil ha lagringsplassar i nærområda sine. I Nordsjøen er dette eit mindre problem. Samstundes er det vanskeleg å «selje» eit slikt prosjekt til opinionen berre ved å bruke miljøargument, ein må også bruke argument som gjeld økonomi og arbeidsplassar, seier Gasda.

 

Avhengig av global klimaavtale

Professor Gunnar S. Eskeland ved Noregs handelshøgskole (NHH) minner om at CCS trass i alt ikkje er eit mål i seg sjølv.

– Så lenge vi ikkje har eit globalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, er CCS eit risikabelt prosjekt. Den siste tida er verda blitt meir pessimistisk når det gjeld kor snart eit slikt globalt samarbeid kan kome i gang, og då blir det også vanskelegare for land som Noreg å sette i gang med CCS-prosjekt på eiga hand. Men samstundes er det kanskje også viktigare at vi gjer nettopp det. Det er eit stort spørsmål no om EU greier å halde oppe CCS-ambisjonane og kvoteprisane. Eg er optimistisk, men kanskje er det berre ønskjetenking frå mi side. At dette er komplisert, er ikkje til å leggje skjul på, seier han.

For EU spelar det stor rolle kva andre land gjer, framfor alt USA. Samstundes er det også ulike meiningar i EU. Nokre land ønskjer å kome i gang, andre gjer det ikkje.

– Ein kan ikkje berre sjå vekk ifrå den djupe krisa EU no er inne i. Økonomiske risikoprosjekt er lite attraktive no, og her veit ein faktisk ikkje om ein nokon gong vil få att investeringane. For eit land som Noreg er det ikkje så nøye om ein tener inn investeringane om femten år eller om femti, men Noreg er i ein veldig spesiell situasjon. Hovudsaka er at dersom det ikkje blir nokon global avtale, så er faktisk ikkje CCS spesielt meiningsfylt, same kor teknologisk vellukka det kan vise seg å bli, seier Eskeland.

Denne artikkelen står på trykk i Hubro 01/2013. Hubro er UiB sitt magasin for forsking og utdanning. Denne artikkelen er del av tema i denne utgåva: Oljebyen Bergen.