Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Nyhet

Bjørn Tore Gjertsen – ein ekte translasjonist

20. oktober var CCBIO vertskap for eit festseminar for å feire tildelinga av Kong Olav Vs Kreftforskingspris for 2021 til Professor Bjørn Tore Gjertsen. Leiarar frå universitet og sjukehus og samarbeidande kollegaer heldt rosande talar og vitskapelege innlegg.

Bjørn Tore Gjertsen på talerstolen.
Team-byggaren Bjørn Tore Gjertsen la stor vekt på at prisen ikkje hadde vore mogleg utan gode kollegaer og samarbeid.
Foto/ill.:
CCBIO/Ingvild Festervoll Melien

Hovedinnhold

Det heile vart sett i gang på stilfullt vis av ein kvintett frå Eikanger-Bjørsvik Musikklag, eit av Norges og Europas beste brassband, som Gjertsen har eit personleg forhold til ettersom han spela kornett og flygelhorn der sjølv i mange år.

Ei drivkraft og eit førebilete

Bjørn Tore Gjertsen har vore ein av gruppeleiarane ved CCBIO sidan starten i 2013 og nestleiar sidan 2016. CCBIO sin senterleiar Lars A. Akslen heldt ein kort introduksjon der han framheva Gjertsen som ein ekte «translasjonist» i norsk kreftforsking, med fokus på framifrå grunnforsking kombinert med eit sterkt engasjement for pasientane i klinikken, sine kollegaer og yngre forskarar.

– Bjørn Tore, dette var vel fortent! Du har markert deg som forskar og klinikar på ein svært positiv måte. I CCBIO er du ei drivkraft og eit førebilete for dei unge. Du er analytisk, kreativ, energisk, og kanskje litt distré ein sjeldan gong. Det var inga stor overrasking at du ein dag skulle møte kongen – tusen takk for imponerande innsats så langt, sa Lars A. Akslen i introduksjonen sin. 

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, var sjølv med i aulaen i Oslo 18. oktober der kongen delte ut prisen til Gjertsen. I innlegget på fest-seminaret, takka han for engasjementet for pasientane, og for forskinga på leukemi som har gjeve – og vil fortsetje med å gje – viktige resultat. Hansen rosa Gjertsen si evne til å få ting til i samarbeid med andre, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, noko som Hansen framheva som vesentleg for å skape god framtidig forsking.

Gratulasjonstalar i rosande ordelag blei også gjeve av Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet, Astrid Olsnes Kittang, leiar av Hematologisk seksjon, Haukeland Universitetssjukehus (HUS), Eystein Husebye frå leiinga for Klinisk institutt 2, UiB og Steinar Skrede, ass. klinikkdirektør ved Medisinsk klinikk, HUS.

Viktige bidrag i tallause samarbeid

Den vitskapelege delen av programmet blei halde av nære kollegaer som har samarbeida med Gjertsen i løpet av karrieren hans, og til sist eit innlegg av Gjertsen sjølv.

Professor Emeritus Stein Ove Døskeland har hatt høve til å følgje Bjørn Tore gjennom heile karrieren, og teikna opp den vitskapelege reisa hans heilt frå Bjørn Tores unge år. Døskeland fekk sjølv Kong Olav Vs Kreftforskingspris i 1995, og framheva at Gjertsen hadde gjeve viktige bidrag også i Døskeland sitt arbeid, både vitskapeleg og teknologisk.

Professor Emmet McCormack har hatt eit tett samarbeid med Gjertsen sidan han kom til UiB, og han viste alle dei spennande prekliniske modellane og avbildings-teknikkane han har utvikla saman med Gjertsen. Professor Line Bjørge presenterte hovudlinjene i prosjekt ho har hatt med Gjertsen innan tumorbiologi og eggstokkreft. Ho framheva Gjertsen som ei stor inspirasjonskjelde med eit breitt forskingsfokus og sterke, allsidige eigenskapar. Professor Stian Knappskog heldt eit innlegg om klonseleksjon i kreft, og professor Oddbjørn Straume omtalte tumormikromiljøet ved føflekkreft, der han drog parallellar mellom kreftcellenes respons på mikromiljøet og Darwins evolusjonsbiologi. Gro Gausdal, forskingsleiar ved BerGenBio ASA, gav eit overblikk over AXL i målretta kreftbehandling, og framheva Gjertsen som ein inspirerande rollemodell for ho og dei andre som kom som yngre forskarar.

Framtidsretta forskar

Før Akslens avsluttande kommentarar heldt Gjertsen innlegget «Novel diagnostics and adaptive cancer therapy», der han gav ei oversikt over målretta og individuell kreftbehandling samt medikamentrespons-testing og persontilpassa medisin innan leukemi, fagfeltet som han har motteke prisen for. Han såg også mot framtida og inspirerte publikum med tankar om personleg kreftbehandling i åra som kjem. Det var tydeleg at professor Gjertsen ikkje har tenkt å kvile på laurbæra heilt enno.

Festeminaret utgjorde eit gledeleg høve til å samle forskingsmiljøa ved Haukeland Campus til eit stort arrangement med rundt 250 deltakarar i Store Auditorium med personleg frammøte etter pandemien. Etter programmet heldt diskusjonen og feiringa fram i to timar med lekker mat og kake, før Bjørn Tore Gjertsen, tungt lasta med blomar, fekk dra heim att og kvile i påvente av neste dags innsats i kreftforskinga og pasientane si teneste.

Tidlegare prismottakarar står i trappa på BB-bygget.

Den nybakte prisvinnaren saman med Bergens-miljøa sine tidlegare mottakarar av Kong Olav Vs kreftforskingspris: Frå venstre: Bjørn Tore Gjertsen (2021), Rolf Bjerkvig (2015), Olav Dahl (2013), Lars A. Akslen (2009), Per Eystein Lønning (1999), Stein Ove Døskeland (1995) og Per Magne Ueland (1992).

Foto/ill.:
CCBIO/Ingvild Festervoll Melien