Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
CCBIOs forskarskule / Neuro-SysMeds forskarskule

CCBIONeur910: Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, 2022

Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og vil mellom anna vise metodar i å involvere pasientrepresentantar. Dette er i høgste grad aktuelt for alle biomedisinske forskingsfelt. Pasient- og brukarmedverknad har ein dokumentert positiv verknad på relevansen og effekten av medisinsk forsking. 

Doctor discussing with a patient.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Hovudføremålet med kurset er å utvikle deltakaren si emne til å vurdere og formidle meirverdi av brukermedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt. Kurset gjev kunnskap om bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og om korleis brukermedverknad er dokumentert å påverke medisinsk og helsefaglig forsking, gjennomføring av kliniske studiar og bruk av forskingsresultatar. Det gjev også kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukermedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt – frå planlegging til prosjektgjennomføring og publikasjon, kjennskap til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukermedverknad i forsking.

Nina Jebsen (CCBIO), Kjell-Morten Myhr (Neuro-SysMed) og Tone Skår (Neuro-SysMed og VIS) har fagleg ansvar for kurset. Kurset er eit samarbeid mellom CCBIO og Neuro-SysMed etter initiativ frå Neuro-SysMed med eit tydeleg fokus på pasientmedverknad i aktivitetane sine.

Administrative koordinatorar er Rasmus Humlevik frå CCBIO og Hilde Norborg frå Neuro-SysMed.

Kurset går over tre dagar (30. nov–2. des. 2022), og utgjerast av førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar, med presentasjonar frå nasjonale og internasjonale føredragshaldarar.

Undervisingsspråk er norsk med enkelte innlegg på engelsk.

Når: 30. november–2. desember 2022

Stad: Eitri, og auditorium B301 i Sentralblokka på Haukeland Sjukehus, og auditorium 4 i BB-bygget. Eksakt kvar og når vil stå på programmet. (Alt er på området til Haukeland Universitetssjukehus). Kun undervisning med personleg oppmøte, ikkje digitalt.

Program: Sjå denne lenka. Sjå også artikkel om fjorårets kurs.

Registrering: Tilgjengeleg for registrering i Studentweb med frist 1. september. Registrer deg i Studentweb dersom du allereie har gyldig studentstatus ved UiB. Dersom du ikkje er student ved UiB, og ønskar studiepoeng, registrerar du deg gjennom Søknadsweb, der du på same tid søkjer om gjestestudentstatus ved UiB (også frist 1. september). 

Tilgjengeleg for deltaking utan studiepoeng: Ja, for eit antal av pasient- og brukarrepresentantar og fagfolk som ikkje treng studiepoeng. Bruk denne registreringslenka.

Ingen avgift/gebyr.

Studiepoeng: 2 ECTS.

Les meir på studentsidene.