Hjem
Senter for digitale fortellinger
Nyhet

To prisar til Digital Kultur-studentar i årets New Media Writing Prize

Florence Walker og Emma Husa vann – og fleire andre nominerte – i feltets fremste prisutdeling.

Screenshot from "I Dreamt of Something Lost" by Florence Walker
Screenshot from "I Dreamt of Something Lost" by Florence Walker
Foto/ill.:
Florence Walker

Hovedinnhold

New Media Writing Prize er ein global prisutdeling som heidrar verdas fremste nye interaktive fiksjon og indie-litteraturspel. Sjølv beskriver dei vinnarbidraga som «banebrytande, eksemplariske verk som viser det beste av alt som historieforteljing i nye medier kan tilby».

Florence Walker er vinnaren av hovudprisen i kåringa, Chris Meade Memorial Main Prize, med verket «I Dreamt of Something Lost», som var masterprosjektet hennar i digital kultur. Emma Husa, student ved digital kultur, vann studentprisen i kåringa, med verket «Polterkicks».

– Digital kultur-programmet har gjort eit bevisst forsøk på å inkludere estetiske og kreative evner i klasseromma våre, og vi lærar studentane korleis kulturteori og estetikk arbeider saman i dei digitale felta, seier Alinta Krauth, kunstnar og førstelektor ved digital kultur-programmet.

– Som ein del av det utforskar studentane digital kreativitet ved å bygge sine eigne videospel, interaktive fiksjon, og kreative nettsider.

– Vi vil dei skal lage kunstverk dei er stolte av

Digital kultur-student Vegard Fotland også nominert til studentprisen. Fotland, Husa og Walker laga prosjekta sine som ein del av digital kultur-emna. I tillegg var komande professor i digital kultur, David Wright nominert til hovudprisen med sine samarbeidspartnarar Louis Pratt, Karen Lowry, og Chris Arnold.

Koordinator for digital kultur-programmet ved UiB, Jason Nelson, ynskjer at studentane skal strekke den kreative prosessen utanfor klasserommet. Som veiledar for Walker sitt prosjekt meiner han dei beste miljøa for denne typen kunstverk visker ut skiljelinjene mellom undervisning og forsking, med ei kopling mellom emna på digital kultur og dei verdsleiande forskarane ved Senter for digitale forteljingar:

– Målet vårt er å inspirere studentane til å finne sin eigen kreative sti og avdekka nye digitale verktøy i kunsten, seier han.

– Så vil vi at dei skal lage kunstverk dei er stolte av, og å sende dei kunstverka ut i verda!

Alle dei nominerte bidraga blir arkivert for framtida av British Library. Torsdag 23. mai feirar digital kultur prisane i CDN i Langes gate 1-3 klokka 12.00.