Hjem
Eiendomsavdelingen

Er med frå idé til ferdig arbeid

Hovedinnhold

Då studentane kommenterte den gode innelufta og dei fine fargane, fekk eg verkeleg ei kjensle av å ha lukkast med jobben, seier Rune Hovland. Han er prosjektleiar på EIA Prosjekt ved UiB. Våren 2015 avslutta han eit omfattande arbeid på Dragefjellet for Juridisk fakultet som skaffa 600 studentar betre innemiljø.

Rune Hovland kom frå det private til Eigedomsavdelinga hausten 2012. Med økonomisk administrativ utdanning i botn hadde han drive innan røyrleggjarbransjen i mange år. Etter at familiebedrifta blei oppkjøpt, var det tid for å tenkja nytt. Gjennom tidlegare rammeavtalar kjende han både bygningar og personar på UIB.

­Eg har alltid likt å jobba med prosjekt der eg kan vera med heile vegen frå idéen oppstår og fram til brukarane kan ta over. Som prosjektleiar ved Eigedomsavdelinga opererer eg som ein byggherre og oppgåva mi er å få alle dei ulike medverkande faga og aktørane til å dra i same retning mot det same målet.

Det vanlege er å ha fleire prosjekt gåande samstundes, gjerne 5 – 8 ulike arbeid med ulik storleik. Prosjekta kan ha ein kostnad på frå eit par millionar til 70-80 millionar kroner. Til no har Rune Hovland hatt oppgåver som først og fremst handlar om vatn og ventilasjon. Men ei av dei faste gjeremåla hans er også å følgja opp Tingviken, den freda ferieplassen UiB har på Utne.

På denne arbeidsplassen som er så mangfaldig, er det heile tida mykje nytt å læra. Eg har i løpet av den tida eg har jobba på UIB blant anna blitt mykje meir merksam på dei gamle bygningane vi har her. No legg eg på ein heilt annan måte merke til detaljane og forstår kvifor det er viktig å ta omsyn til desse.

Hovland skryter av arbeidsmiljøet på EIA. ­­ _Det er mange flinke folk her, og vi som er prosjektleiarar samsnakkast ofte, vi deler erfaringar og diskuterer ilag for å finna gode løysingar.

Han har erfart at prosessar tar lengre tid i det offentlege enn i det private. Men det er ikkje alltid negativt. Det kan bety at vi tek oss tid til grundigare vurderingar og at resultatet difor vert betre gjennomarbeidd, seier han.

Som tilsett ved UIB får Rune Hovland tilbod om etterutdanning. Det har han tenkt å nytta seg av. _I det private ville det ikkje vore mogeleg å leggja dette inn i ein hektisk kvardag, seier han.