Hjem
Eiendomsavdelingen

Får god jobberfaring

Hovedinnhold

Line Charlotte Jørgensen (18) er kontorlærling ved EIA Stab. Ho er ferdig med det første av to år, og synest det har vore svært lærerikt.

Etter to år på vidaregåande på lina for sal og service, la Line Charlotte seg inn i lærlingeportalen med ønskje om læreplass i kontorfaget. EIA Stab, som var på leit etter ny lærling, fann Line Charlotte i portalen og inviterte henne til intervju.

I løpet av dei to åra som lærling skal ho innom ulike arbeidsoppgåver. Det handlar om post og arkiv, om økonomi og om kundebehandling. _Eg var spent på kva arbeidsoppgåver som venta meg, for eg hadde aldri jobba på kontor tidlegare. Men er trivst svært godt, det er kjekke folk her, og eg synest eg lærer mykje. Det eg til no har likt aller best er å planleggja seminar, gjera nødvendige bestillingar og laga invitasjonar, seier ho.

_ Overgangen frå å gå på skule er stor. Det er godt å ha ein pause frå skulearbeidet og eg synest det er kjekt å kunna praktisera det eg har lært på vidaregåande. Dessutan får eg løn, og dei pengane kjem vel med. For tida tenkjer eg ein del på kva eg skal gjera vidare. Eg trur det blir meir skule, difor vil eg skaffa meg studiekompetanse når lærlingetida er over, seier Line Charlotte Jørgensen.