Hjem
Nordisk fagdidaktikk
nordisk fagdidaktikk

Kva er fagdidaktikk?

Fagdidaktikk er ein viktig del av lektorutdanningane ved Universitetet i Bergen, saman med pedagogikk og ulike disiplinfag. Undervisninga i fagdidaktikk følgjer lektorstudentane gjennom studieløpet.

Studenter jobber i grupper i seminarrom på Sydneshaugen skole
FAGDIDAKTIKK handlar om tilrettelagde møte mellom menneske og fag.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein, UiB

Hovedinnhold

Fagdidaktikk kan definerast som alle dei refleksjonar ein kan knyte til eit fag og til undervisninga i dette faget, og det er vanleg å dele fagdidaktikken opp i tre emnespørsmål:

  1. Kva? Refleksjon kring kva faget dreier seg om, dvs. kva som er relevant i eit fag.
  2. Kvifor? Refleksjon kring kva som gjer faget relevant, dvs. kva som legitimerer faget.
  3. Korleis? Refleksjon kring måten faget kan lærast, undervisast i og vidareutviklast.

Som nemning i norsk språkbruk kom «fagdidaktikk» i bruk på 1970-talet, og termen var knytt til ei utviding av perspektiva frå fagmetodikken. I dei første tiåra var norsk fagdidaktikk sterkt knytt til den tyske fagdidaktiske tradisjonen med fokus på danningsteori og oppteken av å definere faga sin eigenart. I dei seinare åra har språk- og litteraturdidaktikken meir teke utgangspunkt i konkrete språklege og litterære praksismåtar.

Det fagdidaktiske miljøet ved LLE har eit særleg ansvar for dei ulike lærarutdanningsprogramma i nordisk:

Alle lærarutdanningsprogram har obligatoriske studieemne i fagdidaktikk, og desse vert gjevne på 100-nivå, 200-nivå og 300-nivå.

Praksis i lærarutdanninga er kopla til fagdidaktiske emne, og fagdidaktikarane i nordisk har eit ansvar for den faglege oppfølginga av praksis i norskfaget og i norsk som andrespråk. Studentane våre har praksis i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.