Hjem

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk

Dette studiet er for deg som er norsklærar i skulen og alt har ei årseining i norsk, men som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.
  • Lengde4 År
  • Plassar10
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Masteroppgåva kan vere ein empirisk studie gjennomført på arbeidsstaden din. Dermed kan utdanninga også fungere som eit kompetanseløft for kollegaane dine ved skulen.  

Det erfaringsbaserte perspektivet du kjem med til studiet, er verdfullt og vert vektlagt. Du får høve til god fagleg fordjuping med ei masteroppgåve som svarar til 60 sp.   

Hos oss vert det skrive oppgåver innafor alle sider som rører ved norskfaget i skulen. Oppgåvene kan i ulik grad vektlegge teoretiske eller empiriske sider. Dei kan t.d. vere knytte til læreplanar, lærebøker, lesing, skriving, litteratur, munnleg, nynorsk, bokmål, andrespråkslæring, norrønt, talemål, testing, undervisningsmetodar, og vurdering og respons.  

Meir informasjon under

Studer nordisk språk og litteratur i Bergen

Jobb

Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i norsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i norskfaget.    

Det er stort behov for lærarar i skulen som har større fagleg fordjuping i dei faga dei underviser i. Arbeid med ei masteroppgåve gir deg dessutan stor sjølvinnsikt i det å arbeide med ei større oppgåve. Denne eigenrøynsla har overføringsverdi til det å rettleie elevar med større og mindre oppgåver i skulen eller ved andre undervisningsinstitusjonar.

Etter studiet er det mogleg å søke seg vidare til ph.d.-programmet.

Oppbygging

Dette masterstudiet er eit fireårig deltidsstudium som startar i august. Studiet svarar til eit toårig heiltidsstudium. 

Foreslått rekkefølge for kurs og masteroppgåve: 

1. semester 

2. semester 

3. semester

4. semester 

 5. semester

  • NORMAU644: Profesjon, refleksjon og erdaringsdeling (15 studiepoeng)

Undervisninga går frå 4.-5. semester, der 5. semester er vurderingssemesteret.

 6.-8. semester

  • NORMAU655: Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjuping i norsk (45 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Studiet er samlingsbasert. På samlingane blir du kjend med studentar frå heile landet og får såleis eit utvida kollegium som gjennom heile studieløpet fungerer som ei støttegruppe. Det er veldig inspirerande for studentane å lære av kvarandre samstundes som dei er saman om å få fagleg påfyll 

Studiet baserer seg på forelesingar og seminargrupper, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve. 

I dei fem første semestera vil ei vanleg studieveke vere sjølvstudium og arbeid med mindre innleveringsarbeid. Desse semestera har også eigne eksamensmodular.  

Feltarbeidet gjer du der du vil, t.d. ved skulen der du jobbar. Dersom du gjer feltarbeid ein annan stad, kan du søke om reisestøtte frå instituttet.

Alle samlingar og arbeidskrav til og med NORMAU651 er obligatoriske. Samlingar i dei tre siste semestera, mens ein skriv på masteroppgåva på NORMAU650, er ikkje obligatoriske. 

Masteroppgåva 

Du har tre semester til sjølve masteroppgåva — fire semester viss ein inkluderer prosjektskissa som du skriv på NORMAU651. Denne skissa kan inngå i masteroppgåva, og du har då alt fått kontakt med ein individuell rettleiar.  

I det fjerde semesteret deltek du som del av den obligatoriske todagars-samlinga også på eit prosjektførebuande seminar med ein norskdidaktikar. Etter dette leverer du inn eit rettleiingsskjema som seier noko om kva tema du vil arbeide med, og ei tentativ problemstilling for masterprosjektet. På bakgrunn av dette og rettleiingskapasiteten får du tildelt ein individuell rettleiar som opprettar kontakt når det femte semesteret startar.   

Masteroppgåva skal vere fagdidaktisk, og eigeninteresser styrer kva du kan forske på. Du kan velje å bli medlem av ei forskargruppe, og får ein eigen lesesalsplass på instituttet.  

På evalueringar av dette studiet seier dei tidlegare studentane våre:   

  • Nyttig og lærerikt å diskutere med andre studentar som er i same situasjon    
  • Får tett oppfølging av rettleiar    
  • Eit studium som gir fagleg påfyll og nye idear  
  • Samlingar gir motivasjon   
  • Førelesingar som gir refleksjon  

Kva lærar eg?

Gjennom arbeidet med masteroppgåva lærer du:   

  • å bli strukturert
  • at skriving kan utviklast gjennom ein prosess
  • å fordjupe deg i eit sjølvvalt emne   
  • å ta med erfaringsbasert kunnskap inn i forskinga di   
  • at norskfaget er utruleg spennande og viktig 

Full liste over læringsutbyte

Utveksling

Du kan ikkje reise på utveksling på dette studiet. 

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her