Hjem
Senter for farmasi

Tryggare legemiddelbruk

Som første helseføretak i landet har Haukeland universitetssjukehus fått farmasøyt stasjonert ved nær alle avdelingar der det blir handtert og brukt legemiddel. Det betyr auka tryggleik for både pasientar og tilsette.

Hovedinnhold

Av: Ragnhild Dårflot Olsen                                      Haukeland universitetssjukehus

Farmasøytisk rådgiving er rådgiving knytt til forsyning, handtering og bruk av legemiddel. Fleirtalet av avdelingar med medikamentbruk har hatt tenesta tidlegare òg, frå 1. mars har seks nye avdelingar kome med.

Tett samarbeid
Farmasøytane kjem frå Avdeling for farmasøytiske tenester ved Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest, som no har inngått ein utvida avtale med Helse Bergen. 

– Rådgivingstenesta skal blant anna bidra til riktig, trygg og kostnadseffektiv legemiddelbehandling av kvar enkelt pasient, seier den erfarne sjukehusfarmasøyten Frank Jørgensen, som sjølv har ansvar for den farmasøytiske rådgivinga ved Voss sjukehus, Hudavdelinga og delvis Medisinsk avdeling.

– Det er Helse Bergen sentralt og avdelingane sine ønskjer og behov for farmasøytisk rådgiving som er retningsgivande for aktiviteten. Farmasøytane er stasjonerte på avdelingane og samarbeider tett med legar og sjukepleiarar. Dette er teamarbeid, understrekar Jørgensen.

Deltar i heile prosessen
For pasientane betyr den farmasøytiske rådgivinga på avdelingane at farmasøyt kan delta i heile prosessen kring legemiddelbruk, frå pasienten kjem inn til han blir utskriven.

– Saman med legen kan vi for eksempel vere med på å kartleggje ein pasient sin medisinbruk ved innkomst, forklarar Jørgensen.

– Mens pasienten er innlagt kan farmasøytane vere med og vurdere eventuell ny medisin, biverknader, doseringar og anna. Spesielt i forhold til barn er det svært aktuelt å saman med legen finne fram til eigna legemiddel og legemiddelformer. Dette skuldast at det ofte ikkje finst kommersielt tilgjengelege formuleringar som er tilpassa barn.

Undervising og rettleiing av pasientane om deira eigne legemiddel, og då spesielt kronikarar,  er eit anna vesentleg arbeidsfelt.

– Og når pasienten skal skrivast ut, kan vi bidra til korrekt og effektiv overføring til neste omsorgsnivå når det gjeld det som handlar om legemiddel.

Pasienten først
Ifølgje Jørgensen er det alltid pasientane det handlar om, også den delen som går på rådgiving i forhold til tilsette.

– Rådgivingstenesta inneheld alt frå rettleiing i forhold til konkrete problemstillingar, via informasjon og undervisning av helsepersonell til utvikling av retningslinjer for legemiddelhandtering, til å bistå ved registrering av uhell og tiltak for å redusere risiko. Indirekte kjem alt dette pasienten til gode, påpeikar han.

Tenesta Farmasøytisk rådgiving kjem også kommunane til gode. I tråd med Samhandlingsreforma har Avdeling for farmasøytiske tenester litt over fire årsverk som jobbar opp mot 15 kommunar i Hordaland, kor Bergen kommune er den største kunden.

Artikkelen lagt ut av: Linn Aarvik