Hjem
Senter for farmasi

Aase Merethe Raddum har disputert

Farmasialumn Aase Merethe Raddum har gjennom sitt doktorgradsarbeid undersøkt eit muleg legemiddelmål for hemming av kreftsvulstar. Fredag 21. juni 2013 disputerte ho med avhandlinga «Annexin A2 as a target for anti-angiogenic therapy».

Hovedinnhold

Kreftsvulstar er avhengige av god blodtilførsel for å få oksygen og næring til å kunne vakse. Dersom ein hemmar blodtilførselen til svulsten vil ein samstundes kunne hemme veksten av den. Aase Merethe Raddum har gjennom ulike laboratorieteknikkar vist korleis proteinet Annexin A2 kan verke som ein hemmande faktor for ny blodåredanning. Dette gjer proteinet til eit muleg utgangspunkt for framtidig kreftmedisin.

Aase Merethe Raddum studerte farmasi ved Universitetet i Bergen frå 2003 til 2008. Ho er den tredje Senter for farmasi-alumnen som disputerer ved Universitetet i Bergen.

Gratulerer frå alle ved Senter for farmasi!

Les meir i pressemeldingen her.