Hjem
Senter for farmasi

Farmasøytmangel fører til stengde apotek – foreslår auka opptak i Bergen

I romjula melde fleire medier om farmasøytmangel i apoteka, noko som førte til at somme apotek måtte haldast stengde. Særleg var Vestlandet ramma. Det er rundt 150 stillingar ledige i norske apotek per idag. Det er meir enn talet på farmasøytar som blir utdanna i Noreg årleg. Samstundes aukar etterspurnaden etter farmasøytisk arbeidskraft på andre område i samfunnet. No arbeidast det med å opprette fleire studieplassar i Bergen.

Hovedinnhold

 - Det er vanskeleg å få tak i fagfolk, ikkje berre i distrikta, men også i store byar som Bergen, uttalte tidlegare Bergensstudent Mette Aune, no regionssjef for Vestlandet i Vitus Apotek, til NRK 28.12.12. Uttalinga kom i kjølvatnet av at blant anna Vitusapoteket i Førde måtte halde stengt i jula, då dei ikkje greidde skaffe farmasøytvikar. Også andre apotek på Vestlandet måtte halde stengt ein eller fleire dagar i juletida av liknande årsaker. Administrerande direktør i Apotekforeininga, Per Lund, kan bekrefte at det manglar farmasøytar til ledige stillingar over heile landet, og oppmodar bransjen til å bli flinkare til å reklamere for kor spanande farmasiutdanninga er. Samstundes fortel leiar for Noreg Farmaceutiske Foreining, Tove Ytterbø at behovet for farmasøytar vil auke i framtida, då ein ser verdien av farmasøytisk arbeidskraft også andre stader enn i apoteka.

Senter for farmasi i Bergen avviklar no det 3-årige masterprogrammet for reseptarar grunna låge søkjartal etter Universitet i Tromsø setje si 3+2-ordning ut i livet. Senter for farmasi har elles hatt gode søkartal til den integrerte masterutdanninga, noko som talar for fleire studieplassar. Den 5-årige utdanninga har til no kunne tilby 24 studieplassar kvart år, men det har vore føreslått at talet på studieplassar bør aukast til 35.

- Universitetsdirektøren føreslo auka opptak til farmasi i 2009, informerer senterleiar, Professor Svein Haavik. Dette blei på nytt føreslått av senterleiar hausten 2012. Styringsgruppa for farmasi tok dette til etterretning og vil komma tilbake til saka seinare. Utfordringar omkring auka opptak er mellom anna kapasiteten ved nokon av laboratoriekursa og finansieringsmodellen for farmasi. I tillegg gir ikkje statsbudsjettet noko rom for auking av studieplassar på UiB i 2013.