Hjem
Senter for farmasi

Farmasidagene 2012

Senter for farmasi stilte sterkt med både studentar og tilsette på årets Farmasidagar 7.-9. november. Fleire av deltakarane la merke til studentane frå Bergen, som blei rosa for sin innsats og sitt engasjement for faget.

Foto/ill.:
Lillan Mo Andreassen

Hovedinnhold

Nærare 600 personar hadde meldt seg på Farmasidagane 2012, som for dagane 8.-9. november hadde hovudtemaet Legemiddelforsyning - Får vi det vi trenger eller får vi som fortjent? På bakgrunn av fleire leveringsvanskar og avregistreringar den siste tida (heile 103 meldte saker så langt i år) var dette eit høgaktuelt tema som trakk mange interesserte. Satelittsymposiet 7. desember med overskrifta Hvis du tror du er frisk - har du ikke kjent godt nok etter, sette fokus på eit anna viktig drøftingsområde innan helsefeltet.

I tillegg til dei mange fellesforedraga om årets tema, var det òg seks ulike foredragssesjonar og ein posterutstilling om litt av kvart innanfor farmasifeltet. Dei tilreisande frå Bergen hadde heile ni bidrag til desse, kor fire av dei var gitt av studentane. Lista over alle bidraga står til slutt i artikkelen.

Fleire av deltakarane var imponerte over studentane og den tydelegaste måten det kom til uttrykk på var då Elisabet Størset tok heim prisen for beste foredrag i sesjonen Utdanning og kompetanse. I tillegg til diplom og premie, heider og ære, får ho òg gratis inngong på Farmasidagane 2013. Dei tilsette som var med var ikkje noko mindre imponert over eigne studentar, og var litt ekstra stolte i stemma då vi fortalte kor vi arbeidde.

Prisen for Årets Farmasøyt og Det Giftige Kors (Crux Venenifera) blei, som tradisjonen er, òg utdelt i løpet av konferansen, og blei høvesvis tildelt Laila Irene Bruun og Ingebjørg Buajordet.

Det var sjølvsagt høve til å plukke med seg refleksar, kulepennar, gratisprøvar på det meste (ikkje legemiddel for dei som måtte tru det) og gode råd frå dei mange utstillarane på konferansen. Og sjølv om helseminister Jonas Gahr Støre ikkje dukka opp på pølsefesten torsdag kveld, var vi alle einige om at det hadde vore ein fin tur. Bli med oss neste år då vel!

 

Liste over bidrag:

  • To skritt nærmere individuell dosering av immundempende legemidler til nyretransplanterte. Innlegg av Elisabet Størset (prisvinnar).
  • Tverrfaglig samarbeidsprosjekt i sykehjem. Innlegg av Trine H. Stien og Petter W. Dahl.
  • Pasientsikkerhet i skandinavisk perspektiv. Innlegg av Sara Marie Volstad og Torill Kleppe.
  • Bruk av ingefær i svangerskapet. Innlegg av Kristine Heitmann.
  • Hva bør apotekfarmasøyter vite om legemidler og porfyrisykdom? Innlegg av Reidun L. S. Kjome og Linda Gilleshammer.
  • Diabetes i sjukeheimar: Prevalens og behandling. Innlegg av Lillan Mo Andreassen.
  • Tverrprofesjonell samarbeidslæring - en pilotstudie. Poster av Lone Holst, Anders Bærheim, Mildrid Haugland, Kristin Klock, Gunnar T. Bondevik og Arild Raaheim.
  • En ny doseringsmodell for individuell dosering av takrolimus til nyretransplanterte. Poster av Elisabet Størset, Nick Holford, Karsten Midtvedt, Stein Bergan, Sara Bremer og Anders Åsberg.
  • Novel aminoalkaloids from European mistletoe (Viscum album L.). Poster av Bashar Amer, Ole Johan Juvik, Frédéric Dupont, George W. Francis og Torgils Fossen.