Hjem
Senter for farmasi

Kjell H. Halvorsen har disputert

Vi er stolte av farmasøyt og kollega Kjell H. Halvorsen, som fredag 16. mars disputerte for doktorgraden, med avhandlinga "Drug prescribing quality for older patients. Explicit indicators and multidisciplinary medication reviews".

Hovedinnhold

Doktorgradsarbeidet er finansiert av Senter for farmasi, og formålet med avhandlinga var å undersøke og betre kvaliteten på legemiddelbehandlinga hjå eldre pasientar, både i open omsorg (heimesjukepleie) og sjukeheimar.

Eldre er ei utfordrande pasientgruppe å følgje opp når det kjem til legemiddelbruk. Dei har fleire sjukdommar enn yngre og blir ofte føreskrive mange legemiddel samtidig. Samstundes tolererer dei ikkje alltid legemidla like godt, grunna aldersforandringar som til dømes sviktande nyrefunksjon. Det er derfor viktig med gode metodar for å sikre høg kvalitet på både legemiddelføreskrivinga og oppfølginga av eldre sin legemiddelbruk.

Avhandlinga viser at både sjukeheimar og open omsorg har eit betringspotensiale når det gjeld legemiddelbehandling av eldre. Kandidaten peikar blant anna på at eit tettare samarbeid mellom legar og farmasøytar vil kunne vere ein veg å gå for å førebyggje feilmedisinering.

Sjå også nyhendesak i På Høyden.

Vi gratulerer!