Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Møte

Forskingsseminar med Julius Rumpf

Julius Rumpf, doktorgradsstipendiat ved Nordisk institutt for sjørett og forskar ved Fridtjof Nansens Institutt, presenterte delar av si forsking knytt kraftleidningar over grenser ("interconnectors") og den indre europeiske energimarknaden for forskargruppa 18. november.

Interconnections
Foto/ill.:
Florence School of Regulation

Hovedinnhold

Julius er utdanna jurist frå Tyskland, der han praktiserte som advokat innanfor energi i fleire år før han kom til Noreg. I dag er han doktorgradsstipendiat ved Nordisk institutt for sjørett og forskar ved Fridtjof Nansens Institutt. Forskinga hans fokuserer på spørsmålet om korleis høgspenningsinfrastruktur - særleg kraftleidningar over grenser ("interconnectors") - blir regulert av EU-retten for å oppnå ein indre energimarknad der kraft kan seljast og kjøpast utan restriksjonar på tvers av Europa. Doktorgradsavhandlinga har følgjeleg tittelen "Bridging the gap: The role of interconnectors in an emerging European Energy Union".

Presentasjonen for forskargruppa dekkja mellom anna EU-reglane om korleis dei sokalla TSO-organa reknar ut og regulerer kapasiteten til elektriske kraftleidningar i marknaden. Omgrepet TSO (Transmission System Operator) er nytta om forvaltningsorgan som er tildelt eit overordna og koordinerande ansvar for transport av energi i form av naturgass eller elektrisitet på eit nasjonalt eller regionalt nivå, der den eksisterande faste infrastrukturen blir nytta. I Norge er det Statnett som er utpeika til landets TSO innanfor elektrisitetsforsyning. Desse reglane om kapasitetsregulering vart nyleg oppdatert under EUs Clean Energy Package, som mellom anna introduserte ein minimumskapasitetsterskel på 70 %. 

I denne forlenging inviterte Julius til diskusjon kring implementeringa og etterlevinga av denne 70 %-regelen, som meir konkret går ut på at TSOane er pålagt å sikre at minst 70 % av den maksimalt tilletne flyten på begrensensa snitt i nettet skal gjerast tilgjengeleg for handel mellom ulike budområde som Europa er delt inn i. Sjølv om pakken og regelverket ikkje er innlemma i EØS-avtalen enda, vil det framleis påverke oss gjennom våre naboland, og på lenger sikt truleg inngå i det norske regelverket også. Dessutan er temaet høgaktuelt for Noreg, der kraftleidningar som kryssar grenser og energihandel på tvers av Europa er eit tilbakevendande og hett tema i samfunnsdebatten. 

Vi takkar Julius for at han tok turen over fjellet frå Oslo til Bergen, og for at han ville dele sin spanande og komplekse forsking med oss!