Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Seminar

Seminar om EU sine nye retningsliner for statleg støtte til klima, miljøvern og energi

Fredag den 11. februar haldt forskargruppa for Naturressurs-, miljø- og utviklingsrett og forskargruppa for Europarett, i samarbeid med Bergen Center for Competition Law & Economics og advokatfirmaet Schjødt, eit seminar om EU sine nye retningsliner for statleg støtte til klima, miljøvern og energi.

Bilete av dei tre som haldt innlegg på seminaret (Malgorzata Agnieszka Cyndecka, Vaido Poldoja og Birgitte Jourdan-Andersen), og av ordstyraren for spørsmålsrunden (Leigh Hancher).
Bilete av dei tre som haldt innlegg på seminaret, og av ordstyraren for spørsmålsrunden. Frå venstre: Malgorzata Agnieszka Cyndecka, Vaido Poldoja, Birgitte Jourdan-Andersen og Leigh Hancher.
Foto/ill.:
Tollef Otterdal Heggen

Hovedinnhold

Den 27. januar 2022 vedtok Europakommisjonen dei nye retningslinene for statleg støtte til klima, miljøvern og energi. Retningslinene tek sikte på å vere eit viktig bidrag til realiseringa av EU sine ambisiøse klimamålsettingar, som mellom anna kjem til uttrykk i unionen sin "Green Deal". Vidare tek retningslinene sikte på å harmonisere regelverket for statleg støtte med nyare regulatoriske endringar på området for klima, miljøvern og energi.

For å skape endring i Europa, legg retningslinene til rette for avkarbonisering av økonomien på ein brei og fleksibel måte som er open for alle former for teknologi som kan bidra. Her kan nemnast fornybare energikjelder, tiltak for energieffektivisering, tiltak for grøn samferdsel og infrastruktur, tiltak for å oppnå ein sirkulær økonomi, tiltak for reduksjon av utslepp, fremjing av biologisk mangfald og tiltak for å sikre energitryggleik. Samstundes er tanken at retningslinene skal fremje desse måla til den lågaste moglege kostnaden for skattytarane, og utan å føre med seg utilbørlege forstyrringar av konkurransen på den frie marknaden.

Seminaret opna med Malgorzata Agnieszka Cyndecka, som er førsteamanuensis på UiB, sitt innlegg om dei nye retningslinene i ein større statsstøtterettsleg kontekst. Etter dette haldt Vaido Poldoja frå ESA innlegget: "The new Guidelines on State aid for Climate, Environmental protection and Energy - way forward for ESA". Siste talar ut var Birgitte Jourdan-Andersen frå advokatfirmaet Schjødt. Ho haldt eit innlegg om dei nye retningslinene sine konsekvensar for utvikling av infrastruktur for energi.

Forskargruppene takkar med dette våre medarrangørar, talarane, ordstyrar for spørsmålsrunden og ikkje minst alle dei frammøtte for eit vellukka seminar.