Hjem
Forskargruppe for rettskultur

Retten og det norske – rettsleg grunnlag for framveksten av ein norsk identitet mellom 1814 og 2014

For å kunna ha ein identitet som norsk må ein ha ei kjensle av at ”norsk” er eit fellesskapseining. Den kjensla kan bare skapast på bakgrunn av felles erfaringar (i vid forstand). Og felles erfaringar føreset kommunikasjon som gjer at personar og tankar møtest. Prosjektet vil undersøkja dei rettslege føresetnadane for slik fellesskapsdannande kommunikasjon.

Norsk flagg
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

Vi tenkjar ikkje over det i kvardagen, men utan Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig av 29.06.1894, som innførte Greenwich time i Noreg i staden for soltid, ville det ikkje ha vore mogeleg å byggja til dømes Bergensbanen. Dette fordi det hadde vore svært komplisert å regulera møtande tog så lenge ein måtte gjera det på bakgrunn av soltid og ikkje ei standardisert tid. Utan Lov om metrisk Maal og Vægt av 12.05.1875 ville ein i Noreg ikkje ha fått felles måleeiningar for vekt og lengde. Manglande fellesskap på dette området var lenge eit hindre for samhandel fordi det til dømes var uklart kor mykje korn ein hadde kjøpt når ein kjøpte ei tønne, sidan ei tønne var ikkje eit og det same i ulike delar av landet. Utan Lov om personnavn frå 09.02.1923 ville utviklinga av Folkeregisteret ha vorte vesentleg vanskelegare. Noko som igjen hadde gjort utviklinga av ein norsk velferdsstat vanskeleg fordi velferd ville ha vore eit lokalt og ikkje nasjonalt spørsmål.

Lovene om passplikt, verneplikt, fellesmerke (for foreiningar), om konsesjon for kringkasting, etc., har òg hatt fellesskapsdannande funksjonar utan at vi i dag reknar desse trivielle lovene som viktige for danninga av ein norsk identitet. Og føremålet med prosjektet er altså å visa korleis Noreg som meir enn ei territoriell nemning vart skapt gjennom rettslege løysingar på kvardagslege fenomen heilt utan intensjon og strategi.

I eit slikt perspektiv vert 1814 startpunktet for ei utvikling som på langt nær er avslutta i dag. Snarare har denne utviklinga fått ein ny aktualitet fordi Europarådet og EU sin aktivitet no gjer at det no finst konkurrerande identitetsdanningar gjennom rettslege løysingar på kvardagslege fenomen.