Hjem
Ansattsider
Digitalisering

Skytenesta UH-IaaS skiftar navn til NREC

- Det nye namnet NREC (Norwegian Research and Education Cloud) klargjer i større grad kva dette er; ei skyteneste for forsking og utdanning, basert i Noreg, seier Anders Vaage, som er teknikar på IT-avdelinga ved UiB.

Hovedinnhold

NREC er enkelt forklart ein sjølvbetent IT-infrastruktur, der brukaren får tilgang til å opprette virtuelle serverar og lagring etter behov, ut frå ei gitt kvote. Brukaren vil deretter sjølv drifte ressursane gjennom heile livssyklusen.

Tenesta, som tidlegare var kjent som UH-laaS (Infrastructure as a Service), er levert av Universitetet i Bergen og Universitet i Oslo. I motsetnad til større kommersielle skyleverandørar er NREC utelukkande basert i Noreg, utviklar alle tenestene lokalt og er spissa mot behova til den norske UH-sektoren

NREC er tilgjengeleg for både tilsette og studentar. I samband med namnebytet får NREC nye nettsider frå 18. februar, og her kan du lese meir om tenesta og ta systemet i bruk.