Hjem
Ansattsider

Fagspråk og terminologi

Universitetet har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

Hovedinnhold

Norsk fagspråk - eit ansvar for universitetet
Universitets- og høgskolelova slår fast at universitet og høgskolar har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

Termportalen
Termportalen gir fri tilgang til norsk terminologi på ei lang rekkje fagområde via éi felles søkerute. Du kan søkje etter termar på tvers av domene, termbasar og språk. Termbasane er gruppert i overordna domene og du kan søkje etter termar enten i heile Termportalen, på eit spesifikt domene eller i einskilde termbasar. Førehandsval av søkjespråk er òg mogleg. Dei fleste termbasane har terminologi på bokmål, nynorsk og engelsk, medan ein del termbasar òg har terminologi på andre språk.

Termportalen er ein del av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Dersom du ønskjer å kome i gang med terminologiarbeid på ditt fagområde eller ønskjer kontakt med fagmiljøet, kan du sende ein e-post til termportalen@uib.no.

Universitets- og høgskolerådets termbase
Universitets- og høgskolerådet (UHR) sin termbase har meir enn 2000 administrative termar frå universitets- og høgskolesektoren. Termbasen omset frå bokmål/nynorsk til engelsk og omvendt. Denne termbasen inngår i Termportalen, og du kan søkje direkte i han der.

Språkrådet har også råd om skrivereglar, praktisk grammatikk og skriveråd under menyen Språkhjelp.