Hjem
Ansattsider

Studentar med synshemming

Studentar med synshemming har ofte ei utfordring når det gjeld å orientere seg i sine omgjevnadar og å fungere i ein pedagogisk situasjon med omsyn til det visuelle. Det er difor naudsynt å tilrettelegge omgjevnadane og dei visuelle sidene ved undervisninga, slik at synshemma får ei reell moglegheit til å studere på lik line med andre studentar.

Hovedinnhold

Tilgang til studielitteratur

• Blinde- og svaksynte studentar har rett til å få produsert obligatorisk pensum ved Norsk lyd - og blindeskriftbibliotek (NLB). NLB har ei viss produksjons- og leveringstid. Difor er det svært viktig at pensumlistene er klare så tidleg som mogeleg. Endring av pensum vil dermed medføre eit problem. Det er viktig å drøfte valfritt pensum med studenten så tidleg som mogeleg.

• Studiemateriell i elektronisk format vil vere til stor hjelp for synshemma studentar. Dei kan då bruke forstørringsprogram, punktleselist, talesyntese, skjermlesar eller liknande for å lese. Materiell i papirutgåve kan skannast og overførast til elektronisk format.

 

Førelesingar

Tavlebruk/transparentar

• Det er viktig med gode kontrastar ved tavlebruk

• Tavlebelysning kan vere ein fordel

• Sei kva du skriv og peikar på

• Transparentar bør det takast ein papirkopi av, slik at studenten kan få den lest eller diktert. Dette bør helst skje i forkant av førelesinga.. Det beste vil vere dersom transparentar og eller manuskript blir tilgjengelege på Mi Side før førelesing

• Podcasting av førelesingar vil vere ein stor fordel for synshemma. Dei vil då ha moglegheit for å repetere førelesinga og ikkje vere avhengige av å notere under førelesinga.

 

Utlevering av materiell

• Dette bør helst leverast ut til synshemma før førelesinga. Alternativt kan det lesast opp.

• Notat eller manus vil vere eit godt tilbod til synshemma

• Elektronisk format er ein fordel

 

Opptak/notat frå førelesinga

• Blinde og svaksynte har ofte behov for å ta opp førelesingar på diktafon fordi dei har vanskar med å notere raskt nok.

• Studentar som noterar på PC må sitje nær straumuttak.

 

Informasjon

• Papiroppslag er vanskeleg tilgjengeleg for synshemma. Denne type informasjon bør derfor gjevast munnleg eller eventuelt på e-post.

• Viktig informasjon bør leggast ut på Mi Side

 

Lesesalplass

• Synshemma studentar har ofte datautstyr og kan difor ikkje nytte ein vanleg lesesalplass. Det er ein fordel for desse å få tildelt ein kontorplass. Dette kan tenestar for studentar med funksjonsnedsetjing hjelpe til med.

 

Førarhund

• Viss studenten har førarhund, må den sjåast på som eit hjelpemiddel for studenten