Hjem
Institutt for geografi
UiB Alumni

Når geografane møtast

Det er for lengst blitt ein tradisjon. Men i år var det også eit lite jubileum med årets geografigjensyn i Storelogen på Kvarteret. For femte året på rad arrangerte Institutt for geografi alumnustreff for geografar.

Neste
Ben Aubrey Robson, Svein Olaf Dahl, Hanna F. Gjesdal og Jannicke Johannessen
Ben Aubrey Robson, Svein Olaf Dahl, Hanna F. Gjesdal og Jannicke Johannessen hadde det faglege programmet saman med Gidske Leknæs Andersen, som ikkje var med på bilete.
1/16
Aslaug, Kristine, Arild og Viljar.
Skål for geografi! Aslaug, Kristine, Arild og Viljar.
2/16
Svein Olaf og Gro.
Svein Olaf og Gro.
3/16
Heidi, Elin og Jannicke.
Heidi, Elin og Jannicke.
4/16
Stina og Camilla.
Stina og Camilla.
5/16
Kjetil og Guri.
Kjetil og Guri.
6/16
Sigrid, Hanne og Aslaug.
Sigrid, Hanne og Aslaug.
7/16
Gry, Hanne og Tarje.
Gry, Hanna og Tarje.
8/16
Ida og Lina.
Ida og Lina.
9/16
Viljar, Lars Petter og Håkon.
Viljar, Lars Petter og Håkon.
10/16
Sven og Anders.
Sven og Anders.
11/16
Carina og Grethe.
Carina og Grethe.
12/16
Astrid Maria og Kari Elida.
Astrid Maria og Kari Elida.
13/16
Pål og Max.
Pål og Max.
14/16
Hanna, Ingvild og Liv Unni.
Hanne, Ingvild og Liv Unni.
15/16
Ved tapasbordet.
Ved tapasbordet.
16/16
Tilbake

Hovedinnhold

Og for ein flott gjeng å arrangere treff for! Geografane møter opp og mange tok turen til Bergen frå andre delar av landet. Det set vi stor pris på.

- Eg elskar geografi sine alumnustreff! Det var ei av tilbakemeldingane vi fekk i løpet av kvelden.

I år var vi 65 som deltok på geografitreffet på Kvarteret etter arrangementet til Alumnusdagen ved UiB i Universitetsaulaen. Instituttleiar Svein Olaf Dahl ønska velkomen og inviterte geografane til tapasbordet før kveldens faglege foredrag.

Gidske Leknæs Andersen starta med sin presentasjon om tidsseriar og korleis store data frå satellittar blir brukt for å observere landskapsendringar i miljøforvaltninga. Benjamin Aubrey Robson viste korleis han har brukt fjernmåling og satellittbilder til å undersøke isbrear i sitt ph.d.-prosjekt.

Jannicke Johannessen jobbar som rådgjevar i Sør-Vest politidistrikt og gav oss eit lite innblikk i sin arbeidskvardag med ansvar for å koordinere søk etter sakna personar i Sør-Noreg. Hanna F. Gjesdal viste til slutt korleis geografifaget si breidde er ein nyttig bakgrunn å ha når ho driv  kommunal multitasking som avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling i Fjell kommune.

Etter fire gode innlegg frå instituttet og alumnar, held festen fram på Kvarteret.

- Godt oppmøte og gode tilbakemeldingar inspirerer til å oppretthalde tradisjonen som er etablert. Vi ser alt fram til neste alumnustreff, seier instituttleiar Svein Olaf Dahl.

Takk til alle som kom og gjorde det femte geografitreffet så vellukka!

Programmet for "Alumnustreff for geografer 2016"