Hjem
Institutt for geografi
Utlysing

Stilling som undervisningsassistent/seminarkoordinator

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig en 100 % stilling som undervisningsassistent/seminarkoordinator i perioden 6. august 2018 til 30. november 2018.

Hovedinnhold

Undervisningsassistenten har som hovudoppgåva å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisningssverksemd.

Arbeidsoppgåver

  • Vere undervisningsassistent på delar av emna GEO100, GEO110, GEO113, GEO125, GEO131, GEO215, GEO281 i haustsemesteret 2018 (ca 50% av stillinga), tilpassa utdanningsbakgrunnen til den som får stillinga
  • Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk.
  • Kommentere obligatoriske oppgåver
  • Vere seminarkoordinator for alle undervisningsassistentane
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane
  • Planlegge rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular
  • Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i geografi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT-kompetanse

Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn avheng av tariffavtale med timeløn mellom 216,10 og 230,3
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • Gode velferdsordningar

Perioden kan bli forlenga.

Søknad

Søknad skal sendast direkte på e-post til grethe.meling@uib.no.

Søknadsfrist: 11.06.2018

Det kan bli aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Grethe Meling, e-post grethe.meling@uib.no, eller tlf. 55 58 30 73 eller Gro Aase, gro.aase@uib.no, 55 58 92 57.