Hjem
Institutt for geografi
Alumnusdagene 2014

Vårens geografitreff i Bergen

For tredje gong arrangerte Institutt for geografi alumnustreff for geografar, denne gongen som del av Alumnusdagene ved UiB.

Tre glade geografar frå Stavanger: Jannicke Johannessen, Liv-Mari Nesje og Øistein Johannessen.
Tre glade geografar frå Stavanger: Jannicke Johannessen, Liv-Mari Nesje og Øistein Johannessen.

Hovedinnhold

Gjensynsgleda var stor også i år då 80 geografar inntok Det Akademiske Kvarter ein vakker dag i mai. Etter registrering og velkomst, tok alle plass i Tivoli for å ta del i det faglege programmet.

 

Fagleg påfyll

Instituttleiar Svein Olaf Dahl ønska alle velkomen og introduserte tre faglege innlegg frå Institutt for geografi:

  • Klima, matsikkerhet og landbruk i Himalaya, v/ Professor Tor Halfdan Aase
  • Feltkurset i Eidfjord gjennom 40 år, v/ Professor emeritus Jan R. Sulebak
  • Grønt entreprenørskap: En geografisk tilnærming, v/ Stipendiat Helge Lea Tvedt

 

Geografar i arbeidslivet

Etter ein liten pause tok alumnane over med presentasjonar om sine erfaringar frå arbeidslivet. I år kom presetasjonane frå geografar i SiB, Kartverket og Statoil.

  • Fra innovasjonssystemer til hverdagsinnovasjon, v/ Marita Monsen, kommunikasjonsleder  i Studentsamskipnaden i Bergen
  • Kartdata til nytte for samfunnet, v/Olav A. Håvik, overingeniør i Kartverket Bergen
  • Informasjon og samfunnskontakt i Statoil, med Geografi i bagasjen, v/Øistein Johannessen, kommunikasjonsdirektør i Statoil

 

Sosiale geografer

Det aller viktigaste innhaldet i eit slikt arrangement er deltakarane sjølv. Resten av arrangementet var av det meir sosiale slaget. Middag, mingling og mimring, og seinare Geoquiz og meir fest.  Takk for eit triveleg gjensyn! Vi håpar å sjå alle igjen til neste år.

 

Bilde seier meir enn 1000 ord

Sjå difor vårt flickr-album frå treffet: Alumnustreff for geografer 2014