Hjem
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Utdanning

Studer Master i barnevern hos oss!

Barnevernfagleg kompetanse byggjer på bidrag frå fleire ulike fagdisiplinar, mellom anna psykologi, juss, pedagogikk og sosiologi. På studiet lærer du korleis utsette familiar skal bli møtte med god fagleg kunnskap, openheit og dialog.

Master i Barnevern

Produsent:
UiB

Hovedinnhold

OM STUDIET

  • Utdanninga skal gje progresjon som byggjer fagleg bru mellom bachelor i barnevern og master i barnevern.
  • Studiet skal få fram barnevernspedagogar som kan reflektere kritisk over eigen praksis, samt vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, gjeldande regelverk og relevant rettspraksis.
  • Utdanninga skal setje kandidaten i stand til å forstå og forvalte dei verkemidla barnevernet rår over, slik at barn og unge som lever i utsette livssituasjonar får riktig hjelp til rett tid.