Hjem
Det juridiske fakultet
KRISEREGULERING | PANDEMI

Granska reguleringa av koronapandemien frå A til Å

Korona-handteringa gjekk stort sett bra, men på ei rekkje område utfordra smitteverntiltaka rettsstaten, ifølgje professor Eirik Holmøyvik. Saman med 20 andre juss-ekspertar har han gjeve ut ei bok som granskar reguleringa av krisa frå starten av, på alle rettslege nivå.

Kriseregulering pandemi.
Pandemien var ein stresstest for rettsstaten, meiner professor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultet, UiB. Han har granska reguleringa av pandemien saman med 20 jussekspertar.
Foto/ill.:
Fagbokforlaget, Kim E. Andreassen.

Hovedinnhold

Då koronapandemien kom til Noreg i mars 2020 måtte smitteverntiltak på plass. Det var snakk om å handtere ei folkehelsekrise der legane definerte krisa, medan alle tiltaka var styrt av jussens rettsreglar med sine forbod og påbod.

– Under pandemien måtte tiltaka stadig tilpassast smittesituasjonen til kvar tid, noko som førte til stadig nye rettslege reguleringar eller tilrådingar til befolkninga. Men ikkje alt skjedde etter rettsstatens prinsipp, seier professor Eirik Holmøyvik, ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Saman med 20 andre erfarne juristar publiserte Holmøyvik nyleg boka Kriseregulering. Lovgiving under koronakrisen. Boka er ei gransking av den juridiske reguleringa under heile koronakrisa, på alle nivå.

– Myndigheitene oppretta koronakommisjonen utan eit tydeleg juridisk mandat. Vi sette oss difor ned og skreiv ei juridisk gransking av reguleringa under heile koronakrisa. Boka kom på eige initiativ, utan ekstern støtte, seier Holmøyvik.

– Ein annan faktor var at vi vart nedringt av media, og eit par av oss var også involvert då Stortinget trengde ekspertvurderingar av koronalova til regjeringa. Vi såg at det var behov for ei slik bok.

Saknar høyring

Ifølgje Holmøyvik føregjekk korona-handteringa generelt sett bra under pandemien, men han meiner at det finst ei rekkje forbetringar med tanke på korleis ein kan handtere framtidige pandemiar. Han trekker fram fråværet av demokratisk forankring av ei rekkje smitteverntiltak, som besøksforbod, koronahotell og andre avgrensingar.

– Den vanlege måten å sikre gode reglar og demokratisk forankring på, er å sende dei ut på høyring. Det droppa regjeringa systematisk for smitteverntiltaka gjennom pandemien, til trass for at dei klarte å sende andre hastereglar på høyring, som regjeringa vedtok.

Sjølv om smittevernlova er ei kriselov, som gjer at regjeringa kan operere utanom Stortinget for å gjennomføre hastetiltak, kan det virke som om det vart ein sovepute for regjeringa gjennom pandemien, ifølgje Holmøyvik.

– Ein forventar ikkje at dei første smitteverntiltaka skulle sendast på høyring, men covid-19-forskrifta vart endra hundrevis av gonger. Eg trur nok at i ein del av desse tilfella kunne ein ha sendt dei ut på høyring. Korte høyringar i alle fall, som er betre enn ingen høyringar, seier Holmøyvik.

– Dette er berre eitt av mange døme på ei praksis som festa seg under pandemien og der ein neste gong bør gjere det annleis.

Erfaringar til neste krise

Boka Kriseregulering tar ikkje berre for seg smittevernet, men også konsekvensane av smitteverntiltaka på dei fleste sektorane i samfunnet, som vart påverka av smitteverntiltaka. Blant dei sentrale rettsområda i boka er stats- og forvaltningsrett, menneskerettar, helse- og velferdsrett, EØS-rett, konkursrett, arbeidsrett, barnevern og prosess- og strafferett.

– Pandemien var ein stresstest for rettsstaten. Ein del av prinsippa som rettsstaten byggjer på, vart utfordra under pandemien. Boka er til for å samle erfaringar og trekke lærdom til neste pandemi eller andre sivile kriser, som fort kan kome, seier Eirik Holmøyvik.