Hjem
Det juridiske fakultet
Handlingsplan for utdanning 2024-2025

Handlingsplan for utdanning 2024-2025

Handlingsplanen for utdanning er eit verkemiddel for å nå dei strategiske måla til fakultetet. Planen er forankra i fakultetet sin strategi for perioden 2023–2030 «Rettsvitskap i front», vedteken av fakultetsstyret den 13.06.2023 (styresak 59/23). Handlingsplanen skal vere retningsgjevande for fakultetet sitt arbeid for kvalitet i utdanninga i perioden 2024–2025, der særleg innfasing av ny studieordning er sentralt.

Det juridiske fakultet
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Overordna mål: Utdanning for framtida

Fakultetet skal utdanne sjølvstendige og kritiske juristar. Fakultetet skal tilby eit studieprogram og ein studiekvardag som er kjenneteikna av problembasert og studentaktiv læring, forskingsbasert undervising samt god indre samanheng og progresjon mellom faga. 

Korleis lese handlingsplanen

Delmåla og aktivitetane som er identifiserte i handlingsplanen skal vere dei første stega mot å nå det overordna strategiske målet om å utvikle ei utdanning for framtida. Fakultetet vil ikkje utvikle eigne handlingsplanar for internasjonalisering, rekruttering, mangfald- og likestilling og formidling for perioden 2024-2025. Delmål og aktivitetar i handlingsplanen for utdanning skal såleis også sikre strategisk framdrift på desse felta. Fram til 2025 skal arbeidet med utdanningskvaliteten ved Det juridiske fakultet særleg konsentrere seg om å sikre innsatsområda A-G:

A: Eit studium med fokus på problembasert og studentaktiv læring

B: Eit studium med klar indre samanheng og progresjon

C: Sterk kopling mellom forsking og utdanning

D: Dragefjellet skal vere ein levande campus

E: Eit studium med høg grad av arbeidsrelevans og samarbeid med arbeidslivet

F: Eit inkluderande jusstudium

G:Studiet skal ha ein klar internasjonal dimensjon

 

Les handlingsplan for utdanning her