Nasjonal lektorutdanningskonferanse 2025
Universitetet i Bergen ønskjer velkomen til nasjonal lektorutdanningskonferanse 13.–14. november 2025. Det overordna temaet er: Lektorrolla i endring.
Hovedinnhold
Bakgrunn
Den nasjonale lektorutdanningskonferansen samlar alle som arbeider med lektorutdanning i Noreg, og målet er å styrkje samarbeid og erfaringsdeling.
Tematisk har årets konferanse fokus på «lektorrolla i endring». Utgangspunktet er at det å vere lektor er basert på sosiale vilkår som er i endring: Elevane endrar seg, forventingane frå elevane endrar seg, samtidig som forventingane til kva skulen skal vere, og kven som skal bestemme over den, endrar seg. På det grunnlaget vil vi sjå nærmare på desse momenta, og korleis vi kan handtere dei med tanke på lektorrolla og lektorutdanninga:
- Lektoren som «terapeut» og psykologiens hegemoni for å handtere relasjonen til elevar
- Lektoren i møte med foreldra
- Lektoren i ein meir heterogent samansett fellesskule
- Lektorutdanninga og dei andre lærarutdanningane: arbeidet med felles rammeplan
Vi inviterer samtidig til parallellsesjon med innlegg på 20 minutt der deltakarar kan leggje fram forsking eller erfaringar knytt til lektorutdanninga, gjerne med fokus på aktuelle aspekt ved lektorrolla.
PROGRAM
Målgruppe
Konferansen er relevant for alle involverte i lektorutdanninga. Det inkluderer vitsapleg tilsette i disiplinfag, pedagogikk og fagdidaktikk, studieadministrasjon, studie- og undervisningsleiarar, studentar, koordinatorar og rettleiarar i praksisskular.
Påmelding og betaling
Påmeldinga er fullført når påmeldingsskjema er sendt inn og du har betalt konferanseavgift. Frist for påmelding til sjølve konferansen er 17. oktober.
Deltakaravgift:
- Dag 1: 1250 kr
- Dag 2: 1250 kr
- Begge dagar: 2500 kr
- Middag m/to einingar: 1000 kr
Påmeldingslenke finn du i boksen til høgre
Overnatting
Det er mogleg å bestille hotelrom på Scandic Ørnen og Scandic Byparken til kr 1390,- per natt, ved å bruke koden BBUI131125 på Scandic sine nettsider www.scandichotels.com eller via direktelink til Scandic Ørnen og Scandic Byparken.
Elles står de fritt fram til å bestille hotellrom på kva hotell de måtte ønske.