Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Talemål i Sogndal

Lurer du på korleis Sogndølene snakka i 1996, og korleis dei snakkar i dag?

I so fall kan du gå inn i «Dialektbasen for Sogndal», som førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk Ragnhild Lie Anderson står bak.

Sogndal
Foto/ill.:
Ragnhild Lie Anderson

Hovedinnhold

Ragnhild Lie Anderson har forska på talemålsutviklinga i Sogndal, og har samla talemålsopptak frå åra  1996, 2001, 2016 og 2017 i ein database som er tilgjengeleg for alle.

  • Her kan ein lytta til opptaka.
  • Ein kan leggje merke til kva personane seier og samanlikna utviklinga i skule, fritid og oppvekst i Sogndal gjennom ca. 100 år (kulturhistorie).
  • Ein kan sortere personane ut frå sosiale bakgrunnsvariablar.
  • Ein kan lage analysar av språklege trekk og kombinera desse med sosiale bakgrunnsvariablar (sosiolingvistikk).
  • Ein kan laga enkel statistikk.

Alle lydopptaka er transkriberte, dvs. at lyden er overført til tekst. Lydopptaka er nedteikna på nynorsk. Bøyingsformer og ordval er difor så langt det let seg gjera på nynorsk. Det vil likevel finnast avvik frå nynorsknorma, t.d. vil uttrykket i hvert fall, og bruken av og når avvika frå norma.

Databasen er tilgjengeleg frå denne lekkja https://dialektbase-sogndal.uib.no/