Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Forskerskolen i litteratur, kultur og estetiske fag inviterer til sluttseminar

Sluttseminar - Jorun Larsen

Hanne Hammer Stien, professor i kunsthistorie ved Kunstakademiet ved Norges arktiske universitet,holder sluttseminar til ph.d. kandidaten Jorun Larsen (LLE) om materiale fra avhandlingen "Psykiatriens visuelle historie – ei alternativ historieforståing"

Hovedinnhold

Sammendrag

 

I 1848 fekk Noreg si første sinnsjukelov. I tiåra som følgde vart eigne asyl for behandling av sinnsjuke etablert og den norske psykiatrien vaks fram.

Samstundes som den norske sinnsjukelova vart vedteke, byrja vestlege legar å fotografere dei psykiatriske pasientane sine for ulike føremål. Fotografiet – med sine nøyaktige, objektive og mekaniske kvalitetar – vart mellom anna eit verktøy for å dokumentere, undersøke eller bevise korleis ulike diagnosar kom til syne i pasientane sine andlet og kroppar. Fotografisk registrering av nyinnkomne pasientar, og dokumentasjon av behandling, operasjonar, medisinsk utstyr og fysiske tilhøve vart også ein del av dei fotografiske praksisane og rutinane ved mange asyl utover siste halvdel av 1800-talet. Den norske psykiatrien henta både kunnskap og inspirasjon frå føregangsland som Frankrike, Tyskland og England, deriblant om korleis fotografi og fotografiske praksisar kunne nyttegjerast på det medisinske feltet.

I denne avhandlinga undersøker og kartlegg eg fotografisk materiale frå den norske psykiatrien, med særleg fokus på pasientfotografi skapt mellom 1880-1980. Materialet har ikkje tidlegare vore objekt for vitskapleg forsking, og dei fotografiske kjeldene har heller ikkje blitt nytta som utgangspunkt for å skrive den norske psykiatrihistoria.

Sjølv om storparten av dette historiske materialet såleis er ukjend, er det fleire oppfatningar av kva det inneheld og kva for forteljingar det ber i seg. Mellom anna rår det ei generell oppfatning av at den norske visuelle psykiatrihistoria stadfestar historier om overgrep, tvang, umenneskelege tilhøve og personlege tragediar. Nasjonalarkivet si rådande oppfatning er at fotografi frå spesialisthelsetenesta sine arkiv er diagnostiske, medan REK på generelt grunnlag ser slike fotografi som svært sensitive helseopplysningar. Dette arbeidet er difor forstått som eit helseforskingsprosjekt med heimel i helseforskingslova, heller enn det humanistiske bildeforskingsprosjektet eg først tenkte å gjennomføre. Eg ser mot ålment tilgjengelege visuelle kjelder som framstiller psykiatri, psykiatrihistorie og mot tidlegare forsking på psykiatrifotografiet, for å forstå kvifor det rår slike oppfatningar om eit materiale som ein hittil veit lite om.

Undersøkingane mine viser at historiske fotografi frå norske psykiatriske institusjonar dokumenterer ein variert institusjonell kvardag, kor ei mangfalding rekkje av historier blir formidla – ikkje berre om tvang og behandlingsmetodar som for lengst er historie, men også om fellesskap, relasjonar, om personlege milepålar og omsorg. Og sjølv om fotopraksisar frå leiande europeiske asyl vart plukka opp av norske legar, er det dessutan store skilnadar i korleis desse vart etablert og gjennomført over tid, både lokalt, samt mellom norske og europeiske praksisar. Følgjeleg bidreg avhandlinga til å utfordre, utvide og nyansere fleire av dei rådande oppfatningane om korleis psykiatrien har sett ut og blitt framstilt fotografisk, noko som også har vore eit leiande siktemål for prosjektet: Kva for psykiatrihistorier oppstår dersom ein tar utgangspunkt i dei visuelle kjeldene frå feltet?