Hjem
Middelalderklyngen
Forskningsdagane i bergen

Mellomalderen og miljøet – boss, vatn og vær i tusen år

Gammalt boss er gull og kan lære oss mykje om dei som har levd før. Besøk stasjonen til mellomalderklynga på Festplassen!

NIKU driv utgravingar i Vågsbotn
Ein av arkeologane ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) gjer utgravingar i Vågsbotn, eit av dei mest sentrale og viktigaste strøk i Bergen i mellomalderen.
Foto/ill.:
NIKU

Hovedinnhold

Boss kan vere gull verd! Å grave i gammalt avfall kan lære oss mykje om dei som har levd før oss. Bergen var ein av dei største og viktigaste byane i Norden i mellomalderen, og dagens Bergen er delvis bygd på boss frå fortida.

Under Bryggen og Vågsbunnen i Bergen finst det fleire meter tjukke lag med jord, søppel og restar etter hus og kaiar frå mellomalderen. Men kva skjer når bosset under føtene våre byrjar å råtne? Korleis kan vatn hjelpe oss med å bevare fortida – og gatene vi går på? Lær også meir om gjenbruk og skriftlege kjelder, og om teoriar kring klima, vêr og hav for tusen år sidan.

Klarer du å grave fram ditt eige potteskår, eller risse namnet ditt på ein runepinne? Gjer eit forsøk!

Arrangør er Mellomalderklynga, med deltakarar frå Universitetet i Bergen og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Forskningsdagane 2019
Forskningsdagene i Bergen inviterer til Forskningsfest på Festplassen. Her får du oppleve, prøve, eksperimentere, sjå og høyre om det spennande som skjer i forsknings- og utdanningsmiljøet i byen. Opplevinga for heile familien.

Les meir om forskningstorget

Logo til Forskningsdagene