Hjem
Middelalderklyngen
middelalderforum

Utvalde saker frå bispedomstolen i Bergen på 1300-talet

Velkomen til føredrag med mellomalderhistorikar Anna Elisa Tryti i Frille og Dyvekes vinkjellar.

Mariakirken i Bergen
Mariakirken er Bergens eldste soknekirke, og samstundes byens eldste intakte bygning. Kirka er bygd ein gong på 1100-talet, mest sannsynleg mellom 1130 og 1170.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Mellomalderhistorikar Anna Elisa Tryti held føredraget "Utvalde saker frå bispedomstolen i Bergen på 1300-talet".

Biskopen gjorde krav på domsrett i saker som gjaldt prestar og i saker som gjaldt lekfolk innan kristenretten sitt saksfelt, så som ekteskap og tiend. Kyrkja sine menn kunne følge opp botsdisiplinen med kristenrettsaker og truga ikkje sjeldan med ekskommunikasjon. Vi skal sjå på den einaste dokumenterte trolldomssaka frå perioden, og gje døme frå saker om sølibat, ekteskap og tiend og kva som kunne hende om du vart spedalsk.

Føredraget er ein del av foredragsrekkja Middelalderforum, som denne våren har temaet "Lov og rett i mellomalderen" og er arrangert av forskingsprosjektet Mellomalderlov i endring/Transformations of Medieval Law ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Mellomalderklynga.

Frille og Dyvekes vinkjeller tysdag 10. mars kl. 18.00.

Alle er velkomne og føredraget er gratis!