Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Nonneklosteret Nonneseter i ein internasjonal kontekst

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjellar med førsteamanuensis i middelalderarkeologi Alf Tore Hommedal.

Nonneseter kloster
Midt i dagens Bergen og like ved bybanen og Bergen Storsenter ligg to små, kvitkalka steinbygningar. Dei er restar av Nonneseter kloster, i mellomalderen Noregs største benediktinarkloster for nonner.
Foto/ill.:
Alf Tore Hommedal, UiB

Hovedinnhold

Førsteamanuensis i middelalderarkeologi Alf Tore Hommedal held foredraget "Nonneklosteret Nonneseter i ein internasjonal kontekst".

Midt i dagens Bergen og like ved bybanen og Bergen Storsenter ligg to små, kvitkalka steinbygningar. Dei er restar av Nonneseter kloster, i mellomalderen Noregs største benediktinarkloster for nonner.

I over 330 år, frå 1100-talet til 1400-talet, husa anlegget eit lukka klostersamfunn som me har få og spreidde kjelder til, og der nærare 50 kvinner på det meste levde saman i eit kontemplativt liv.

Når det i Bergen framleis står fragment av anlegget innimellom nyare byhus, er det takka vere ein hektisk redningsaksjon nokre vår- og sommarmånader i 1891. Den unge Bergensavdelinga av Fortidsminneforeningen fekk då sikre seg desse siste delane av klosterkyrkja som skulle rivast.

Sett i sin internasjonale klosterkontekst kan dei to bygningsfragmenta av Nonneseter kloster, saman med andre arkeologiske og skriftlege kjelder, fortelje ei spanande historie om kvinneliv bak klostermurar i mellomalderens Bergen.

Alle er velkomne og foredraget er gratis!