Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Magnus Lagabøtes bylov og Bergen i 1276

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjellar med professor i mellomalderhistorie, Geir Atle Ersland.

Biskop Jacob Erlansens segl (1251)
Biskop Jacob Erlansens segl (1251)
Foto/ill.:
Creative Commons ShareAlike 4.0

Hovedinnhold

Professor i mellomalderhistorie Geir Atle Ersland held foredraget «Magnus Lagabøtes bylov og Bergen i 1276».

I Magnus Lagabøtes bylov er byane Nidaros, Tønsberg, Oslo og Bergen definerte med klare grenser, og dei viser at det tettbygde området utgjorde ein liten del av byens territorium.

I dette føredraget tar Ersland opp følgjande: Kva var ei bylov? Kvar gjekk bygrensene som skilte bylovas område frå det området som landslova omfatta? Kva fortel bylova om byens konstruksjon, det vil seia plassering av gater, bygningar og interne kommunikasjon? Og til sist – kven var omfatta av lova i eit bysamfunn der mange var tilreisande, var representantar for geistlege institusjonar eller høyrte til det verdslege aristokratiet?

Desse spørsmåla er avgjerande for vår tolking av mellomalderens bysamfunn, både når det gjeld byens opphav, utforming og funksjonsmåtar.

Alle er velkomne og foredraget er gratis!