Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Band over Nordsjøen: engelsk og kontinental påverknad på norsk bokkultur i høgmellomalderen

Velkomne til foredrag i Dyvekes vinkjeller med postdoktor i mellomalderfilologi, Synnøve Midtbø Myking.

Kart over Nordsjøen i mellomalderen
NORDSJØEN spelte ei avgjerande rolle med tanke på kva bøker som vart importerte til landet, korleis norske bøker såg ut, og kva tekstar dei inneheldt.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Postdoktor i mellomalderfilologi, Synnøve Midtbø Myking, held føredraget «Band over Nordsjøen: engelsk og kontinental påverknad på norsk bokkultur i høgmellomalderen».

Då Olav den heilage døydde på Stiklestad i 1030, var kristendommen alt godt kjend i Noreg. Nordbuarar hadde møtt kristen kultur ikkje berre som brutale vikingar på hærferd, men òg som handelsfolk og nybyggjarar, særleg i område som Dei britiske øyane og Normandie. Men etter at kristendommen vart einerådande i Noreg på 1000-talet, voks det fram noko som var heilt nytt i ein norsk samanheng: ein kultur der ein las og skreiv bøker, fyrst på latin og deretter på norrønt, som ein no kunne skriva med latinske bokstavar. 

Ein slik ny norsk bokkultur kunne ikkje oppstå i eit vakuum. Dei økonomiske og sosiale nettverka til områda rundt Nordsjøen, særleg til England, men òg til kontinentet, spelte ei avgjerande rolle med tanke på kva bøker som vart importerte til landet, korleis norske bøker såg ut, og kva tekstar dei inneheldt. Frå initialar til musikknotasjon, frå skrift til innhald, speglar dei norske mellomalderbøkene eit mangfald av impulsar, som illustrerer korleis Nordsjøen ikkje berre var ein barriere, men i endå større grad ein allfarveg. 

Alle er velkomne og det er gratis inngang!

Sjå facebookevent