Hjem
Middelalderklyngen
konferanse

The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives

Konferansen markerer 750-årsjubileet for kong Magnus Lagabøte si Landslov frå 1274 i Bergen.

Ornament fra middelaldermanuskript
Foto/ill.:
Landslovjubileet

Hovedinnhold

The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives bringer saman historikarar, rettshistorikarar, arkeologar, filologar og andre fagfolk for å diskutere Landslova frå ulike perspektiv den 16.-19. september. 

Gjennom sju sesjonar vil Landslova bli diskutert i eit komparativt perspektiv både i tid og rom, der ein også ser på kva kjelder som har influert Landslova. Konferansen tek mellom anna opp spørsmål knytt til styresett, og vil fokusere på mellomaldersamfunnet som vart regulert av lova, med eit fokus både på lokalsamfunn og på kongemakta. Dei sosiale dimensjonane i Landslova vil også få merksemd, der ulike sosiale grupper, som kvinner og fattige, og deira roller og rettar i samfunnet vil bli diskutert. Konferansen tek også opp spørsmål knytt til lov og orden, og fokuserer både på kriminalitet og straff. Sjølve teksten og illuminasjonane i Landslova vil også bli sett under lupa, og ein vil komme inn på potensielle eigarar av lovmanuskripta. 

Landslova var i bruk i over 400 år, og regulerte viktige delar av samfunnet, ikkje minst knytt til eigedomsrett og arv, noko som også vil bli debattert. Konferansen vil ta for seg forskingsstatusen på Landslova i eit tverrfagleg perspektiv, men også diskutere spørsmål knytt til framtidig forsking. 
 
Konferansen blir avslutta med ein paneldebatt, der paneldeltakarane vil diskutere og sjå samanhengar mellom dei ulike tematikkane som er presentert i løpet av desse fire dagane. 
 
Konferansen finn stad i Bergen, staden der Landslova vart til. På 1200-talet var byen kongens viktigaste residensby, og utvikla seg etter kvart til ein internasjonalt orientert by. Tre bygningar som hadde stor betyding for kong Magnus, nemleg Håkonshallen, Rosenkrantztårnet og Fransiskanarane si Olavskyrkje set framleis sitt preg på Bergen.  

Den første konferansedagen er lagt til Håkonshallen, Noregs eldste slottsanlegg, og hallen der kong Magnus feira bryllaupet sitt med den danske prinsesse Ingeborg i 1261. Resten av konferansen finn stad i Universitetsaulaen ved Universitetet i Bergen. 

Konferansen er åpen for alle interesserte!

#UIBLandslov

>> Sjå program og meir informasjon på dei engelske sidene

 

Logoer for aktørene i landslovsjubileet på Vestlandet

Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.

Foto/ill.:
Vestland fylkeskommune