Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Bylova og Bergens utforming

Bylova er viktig for å tolke og forstå dagens eldste bylandskap, og gir viktig kunnskap til korleis mellomalderbyen Bergen var utforma. Velkommen til foredrag om Bylova og Bergens utforming ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i historie ved Universitetet i Bergen.

Begynnelsen på eit underkapittel av Bylova i Bergen
Biletet viser første del av eit underkapittel i Bylova som fortel om rådmennenes funksjon i Bergen. Rådmennene var medlemar i byens domstol, og var viktige i delar av det administrative styret i Bergen.
Foto/ill.:
Suzanne Reitz, Den Arnamagnæanske Samling, København, AM 60 4to, f. 81v, ca. 1320. Bildet er tatt fra handrit.org.

Hovedinnhold

Bylova er av stor relevans til å tolka og forstå dagens eldste bylandskap, og hjelper oss til å identifisera mellomalderbyens konstruksjon og funksjonsmåte. I dette føredraget skal vi gå gjennom dei delane lova som gir konkrete opplysningar om utforminga av Bergen, og i kva grad desse også i dag pregar det eldste bylandskapet.

Magnus Lagabøtes bylov blei utforma for Bergen, og deretter gjort til lov for alle byar i Norge. Byen var det viktigaste sentrum for kongelege administrasjonen av det norske kongeriket, og den folkerikaste, truleg like stor som alle dei andre norske byane til saman. Av alt som fanst i andre byar var det desto meir av i Bergen, og ei lov for denne byen ville også dekka alle forhold som var relevant for dei andre norske byane. Berre på eit område måtte det gjerast tilpassingar og det var den fysiske utforminga. Bylova nemner namn på Bergens ytre grensemerke, gater, allmenningar, kyrkjer og plassar. I andre byar måtte dette erstattast i forhold til lokale variantar. Dette er hovedgrunnen til at det finst overlevert variantar av bylova for dei tre andre viktigaste byane, Nidaros, Oslo og Tønsberg.