Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Polyfons faglege plattform

Kunnskapsklynga Polyfon arbeider nasjonalt for å styrke det tverrfaglege samarbeidet om musikk som folkehelseressurs og for at musikkterapi skal vere tilgjengeleg for alle som ønskjer og treng det.

Hovedinnhold

Polyfons strategi 2024-2030

20. mars 2024 vedtok Polyfons styringsgruppe den nye strategien for klynga. Polyfons faglige plattform - Strategi 2024-2030 skisserer det faglege grunnlaget for Polyfon som ein permanent, nasjonal samarbeidsstruktur.

Strategien erstattar Polyfons faglege plattform som gjaldt frå april 2021 til mars 2024, som igjen erstatta prosjektskissa frå februar 2014, som var det faglege grunnlagsdokumentet for Polyfons prosjektperiodar 2015-2020 og for interimsperioden i 2021.

Les meir om strategiprosessen og strategigruppa.

Eit tverrfagleg felt

Klyngesamarbeidet omfattar tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling. 

Som det går fram av dokumentet, blir ikkje musikkterapi forstått snevert som ein metode, men som eit tverrfagleg felt som kan stimulere samarbeid og samskaping for ressursorienterte, brukarinvolverte og berekraftige tilbod og tenester.