Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Polyfons strategiprosess 2023-2024

Polyfon er ei nasjonal kunnskapsklynge for musikkterapi / musikk og helse. Kva mål set vi oss og korleis kan vi nå desse måla? Det handlar strategiprosessen 2023-2024 om.

Eit vindauge i naturen
Kva og kor vil vi med kunnskapsklynga Polyfon?
Foto/ill.:
Brynjulf Stige

Hovedinnhold

Informasjon om Polyfons strategiprosess

Polyfons styringsgruppe har vore opptatt av at Polyfons strategiprosess i 2023 skulle vere så inkluderande og demokratisk som mogeleg. Det har difor vore ei open innspelslenke på klyngas nettsider gjennom heile prosessen og det har vore gjennomført to opne, digitale innspelsmøte. Dessutan har det vore eigne innspelsprosessar hjå dei ulike klyngedeltakarane.

Hovuddiskusjonane i strategiprosessen har gått rundt følgjande tema: 

  • Visjon
  • Verdiar
  • Hovudmålsetjing og delmålsetjingar
  • Satsingar
  • Verkemiddel

20. mars 2024 vedtok Polyfons styringsgruppe klyngas strategi for 2024-2030. Vi takkar alle som har deltatt i strategiprosessen, med gode innspel og forslag! Ein spesiell takk går til den kompetente og engasjerte strategigruppa som har arbeidd grundig og godt.

I 2024 byrjar arbeidet med handlingsplanar

No som ein ny strategi er på plass, vert dette følgd opp med utvikling av nye handlingsplanar. Strategigruppa har sagt seg villig til å vere med i denne prosessen.

Arbeidet med utvikling av handlingsplanar vert gjennomført i 2024, med utvikling av ein overordna plan med milepålar fram mot der vi ønskjer at klynga skal vere i 2030. Denne planen vert då supplert med årlege handlingsplanar som konkretiserer mål, ansvar, rammer og vilkår i arbeidet med å nå milepålane. 

Meir informasjon vert lagt ut seinare.